Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Forfattaren Alexander L. Kielland døydde 6. april 1906

Alexander Kielland - ikkje bare Henrik Ibsen....

Ibsen og Kielland, to av dei "fire store" forfattarane våre, døydde i 1906. Amtmann Alexander L. Kielland døydde på Bergen Kommunale Sygehus natt til 6. april dette året.

Foto: Ukjend. Privatarkiv nr. 1, Anders Bærheims arkiv.

Som amtmann i Romsdals Amt (1902-1906) hadde det vorte mange turar frå residensen i Molde til sjukehuset i Bergen. Helsa hans skranta dei siste leveåra. Døden kom ikkje uventa, sjølv om Kielland bare var 57 år gamal i 1906. Båra hans kom til heimbyen Stavanger med kystruteskipet 11. april, og Kielland vart gravlagd frå Stavanger Domkirke same dagen.

Foto: Carl Kørner. Privatarkiv nr. 1, Anders Bærheims arkiv

Den kjende Stavanger-fotografen Carl Kørner tok bilete i gravferda, både inne i domkyrkja og ute på kyrkjebakken. Både lokalavisene og magasin som "Allers Familie-Journal" trykte bileta. Her ser me fotografiet av gravferdsfylgjet med båra på veg ut av kyrkja. Dette stod på førstesida av ei ekstrautgåve av familiejournalen Allers. I framgrunnen til høgre ligg barndomsheimen og heimen til Kielland.

Gravsangen til Kielland hadde tre salmar. Her ser me to vers frå siste salmen. Kielland vart gravlagd på kyrkjegarden på Lagård.

Ref: Privatarkiv nr. 11, Kiellandarkivet

Kielland var fødd 1849 i Stavanger. I 1999 markerte byen 150-års minnet for fødselen hans. Derfor vert det ikkje eit nytt Kielland-år no i 2006. Dette ville nok i så fall kome i skuggen av det nasjonale Ibsen-året.

Nasjonalbiblioteket i Oslo tek vare på den litterære arven etter Kielland, både brev- og manuskriptsamlingar. Statsarkivet i Stavanger har fleire arkiv som fortel om Kielland, familien hans og om eigedomane og næringsverksemda til familien. Seinare vil vi presentera smakebitar på ulike tekstdokument og fotografi av Kielland og familien hans frå offentlege og private arkiv.




.