Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Den store polarskuta Fram inviterte publikum til å koma om bord. Skuta kom truleg til Stavanger før Svenskesund i bakgrunnen. Det var nemleg det svenske skipet som fanga interessa hos folk den 24. september 1930. Foto: Ukjend.

I september 1930 ankra Fram opp i Vågen for siste gong. Den gamle polarskuta var då på ”turne” langs kysten til ei stor utstilling i Trondheim. Hensikten var også å samla inn pengar til å bevara denne historiske skuta for ettertida.  Resultatet vart Frammuseet på Bygdøy:

http://www.frammuseum.no/

Den 24. september dette året vart ein historisk dag i Stavanger. Då låg det svenske militærfartøyet D/S Svenskesund og Fram ved sida av kvarandre ved Strandkaien.  Svenskesund hadde gått inn til Stavanger på grunn av uver. Skipet var nemleg på veg heim til  Sverige med ei spesiell last om bord. På Kvitøya ovanom Svalbard hadde dei henta levningane etter den svenske polarhelten Salomon August Andrée og dei to reisefellane hans.

I 1897 prøvde Andrée å nå Nordpolen med luftballong. Ballongferda enda tragisk. Først i 1930 fann ein restane etter leiren deira på Kvitøya. Svenskesund henta dei omkomne heim til ei storslegen gravferd i Stockholm. 

Dei tre fotografia viser D/S Svenskesund og den store polarskuta Fram ved Strandkaien.  Mange interesserte menn samla seg rundt det svenske skipet med den spesielle lasta. Skipet hadde truleg nettopp lagt til kais i byen.

D/S Svenskesund ved Strandkaien. Mange menn har samla seg for å sjå på den sjeldne gjesten med den spesielle lasta. I bakgrunnen ser vi Hotel Victoria på Skagenkaien. Foto: Ukjend.

D/S Svenskesund ved Strandkaien. Mange menn har samla seg for å sjå på den sjeldne gjesten med den spesielle lasta. I bakgrunnen ser vi Hotel Victoria på Skagenkaien. Foto: Ukjend.

D/S Svenskesund ved Strandkaien. Mange menn studerer skipet. Kolsekkene på lastebilen til kolimportfirmaet C. Middelthon skulle kanskje leverast på skipet. I bakgrunnen ser vi sjøhusrekkja på Skagenkaien. Foto: Ukjend.

.