Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Bakgrunnen for ekstraskatten var at staten hadde stor og aukande gjeld.

Under den europeiske sjuårskrigen frykta Danmark-Noreg åtak frå Tyskland, og store militære styrkar vart mobiliserte ved grensa i sør. Dette var kostbart og førte til at statsgjelda auka raskt. Derfor vart denne ekstraskatten, som var på ein riksdalar i året pr. hovud, lagt på folket. For ein gjennomsnittleg bonde ga dette ein skatteauke på om lag 50%. I Noreg møtte den nye skatten kraftig motstand, til dels med valdelege opptøyar.

Motstanden førte fram, og det vart innført lettar og endringar i ekstraskatten, først i april 1764, deretter i april 1765 og juli 1767, før den vart oppheva i 1772. Desse endringane førte blant anna til at manntala ikkje lenger alltid gjaldt heile folket. Til gjengjeld vart det ført eigne lister over dei som måtte betale rangskatt eller såkalla ekstra forhøyelsesskatt. Nokre gonger vart det óg ført eigne lister over fattige som slapp å betale, og over dei som då måtte betale skatten for dei fattige.

Det var mange som ikkje kunne eller ville betale ekstraskatten, og etter nokre år vart det ofte laga eigne restanseregistre der namnet til den ansvarlege hovudpersonen og summen han skylde er ført inn.

Restanseregister for Ryfylke, 1767

Dette restanseregisteret for Ryfylke i 1767 har nesten hundre sider med namn på alle dei som skylde skatt. (Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling, Skattevesen, pk. 16b, EA-4070/Ol/L0016b)



.