Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Her har Thu arrangert eit ”reklamefotografi” for Norge og norske tradisjonar.

Bertha Kornelia Thu poserer i drakt frå Hordaland

Reklamefotografi frå Norge. Her har Thu arrangert eit ”reklamefotografi” for Norge og norske tradisjonar. Det er kona hans, Bertha Kornelia Thu, som poserer i drakt frå eit distrikt i Hordaland og med det norske flaget som bakteppe.

Kontaktpersonar i USA som arbeider med amerikansk fotografihistorie og fotografihistorie knytta til nordiske innvandrarmiljø, har ikkje funne opplysningar om, eller bilete signert Thu. Personalet ved Norsk museum for fotografi – Preus fotomuseum har ikkje funne opplysningar om Thu i fagbiblioteket ved museet, heller ikkje opplysningar om han i aktuelle amerikanske databasar. Det har vore organiserte fotoinnsamlingsaksjonar i alle jærkommunane i løpet av 1980-og 1990-åra. Så langt eg har sett av det innkomne fotomaterialet, finst det ikkje signerte Thu-bilete frå jærske innvandrarmiljø i USA i heimar på Jæren.

Skriftlege kjelder på Statsarkivet i Stavanger, som kyrkjebøker, folketellingar og eigedomsarkiv, har biografiske opplysningar om Thu. Lokale aviser og samtalar med slektningar av fotografen supplerer det biografiske materialet. Det har likevel vore vanskeleg å kartleggja fotografkarrieren hans. Sporadisk bevart fotomateriale hos slektningar og i kulturvern-institusjonar i Rogaland viser i alle fall at Thu var ein allsidig fotograf, og ein fotograf med produksjon frå ein stor del av kystdistriktet i Norge.

Sidan dette materialet er spreidd på mange hender, er det uråd å koma med ei samla vurdering av Thu som fotograf på noverande tidspunkt. Målet med denne artikkelen er å etterlysa fotomateriale fra Thu si hand frå andre delar av landet. I neste omgang bør det bevarte materialet vurderast både teknisk, motivmessig og som fotohistorisk kjeldemateriale. Hanne Holm-Johnsen ved Norsk museum for fotografi – Preus fotomuseum peikar på noko vesentleg i denne samanhengen. Ho skriv i innleiinga til artikkelen om arkivet etter Elisabeth Meyer (Svart-hvitt nr. 1, 2000, s. 30) at det er viktig å gje dei kjente fotografane som Knud Knudsen og Anders B. Wilse litt konkurranse når ein skal rekonstruera norsk fotohistorie. Mange fotoarkiv som er meir og mindre borte i dag, kunne ha bidratt til å gjera fotografihistoria meir fulllstendig. Det var nemleg ikkje berre Knudsen og Wilse som var dyktige landskaps- eller friluftsfotografar seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Sidan dei fullstendige negativarkiva deira er bevarte, vert det helst desse to fotografane ein viser til. Wilse og Knudsen er sjølvsagt svært viktige i nasjonal samanheng. Men arbeidet med å rekonstruera den fotografiske arven etter Thu og andre tilsvarande fotografar rundt om i landet, vil bidra til å gjera norsk fotografihistorie så rikhaldig og mangefasettert som ho eigenleg var, og ikkje berre til ei historie om nokre ganske få, ruvande fotografar.

Dette reiser spørsmålet om korleis ein på beste måte skal sikra, bevara og formidla den fotografiske arven etter Thu og tilsvarande fotografar når negativarkiv og privat korrespondanse etter dei ikkje finst lenger. Opplysningane om desse fotografane i databasen til NMU-Fotosekretariatet er nemleg berre eit første steg på vegen. Kanskje kan fotosektretariatet laga ein felles mal for korleis ein skal gå fram ved innsamling og registrering av dokumentasjonsmateriale og av spreidd fotografisk materiale når dette finst i små porsjonar på svært mange hender kringom i landet og gjerne også i det norske Amerika. Kanskje kan det samla norske fotomiljøet laga opplegg for ein fellesdugnad for sikring av materialet etter fotografar som Thu.



.