Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Hospitalet i Stavanger

Kyrkja organiserte det første offentlege helsestellet. Klostera fungerte ofte som sjukestover. I Stavanger var det biskop Torgils som bygde det første hospitalet etter kongebrev i 1272. Magnus Lagabøtes Hospital vart det gjerne kalla, etter Kongen. Hospitalet hadde eiga kyrkje, St. Peters kirke eller Hospitalskirken. Stavanger Hospital var det einaste sjukehuset for folk i byen fram til 1840-åra. I praksis var det ein oppbevaringsplass for alvorleg sjuke. I åra 1842-1845 bygde Stavanger kommune nytt sjukehus og fleire sosialinstitusjonar på tomta til det gamle hospitalet. Denne nye institusjonen fekk namnet Den kombinerede Indretning.

Stavanger i 1790-åra med domkyrkja og Kongsgård. Innfarts-vegen til byen ligg til høgre med det gamle hospitalet og Hospitalskirken i bakgrunnen. Stavanger Hospital, reist etter kongebrev av 1272, var det eldste sjukehuset i Rogaland. Teikning: Haas.

Radesykehuset i Stavanger

Radesjuka var truleg syfylis. Radesjukehuset var eit epidemisjukehus for heile Stavanger amt. Som epidemisjukehus vart det også ein parallel til dei mange kolera-lasaretta som vart oppretta då koleraepidemien braut ut i kystdistrikta i Stavanger amt i 1849. Radesjukehuset fekk ei lengre levetid enn kolera-lasaretta. Dette vesle sjukehuset ved Breiavatnet var bruk frå 1773 til om lag 1840. Arkivet etter Amtmannen i Stavanger har dokumentasjon om sjukehuset.

Radesykehuset i Stavanger vart etablert etter kongeleg direktiv i 1773. Biletet viser huset kort tid før det vart rive i 1907. Foto: Ukjend. G. Wareberg sitt arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

Stavanger amt kjøpte den gamle prestebustaden ved sida av amtmannsresidensen Kongsgård og innreia dette til det første spesialsjukehuset i amtet. Bygningen vart seld til konsul Jakob Kielland i 1842. Han bygde huset om til familiebustad for sonen. Sonesonen Alexander Kielland var den siste som budde her. I bakgrunnen ruvar ”Lille Akropolis” med dei fire store monumentalbygga frå 1880- og 1890-åra; Stavanger Teater, Turnhallen, Stavanger Museum og Stavanger Sykehus til høgre.

Arkivet finst ved Statsarkivet i Stavanger.




.