Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Mot eit samla helsevesen

I 1960- og 1970-åra overtok fylkeskommunen heile eller berre driftsansvaret for mange av dei tidlegare kommunale og private helseinstitusjonane i fylket. Mange slike institusjonar var også nedlagde då, til dømes alle tuberkulosesanatoria.

Frå 1. januar 2002 overtok så den norske staten dei offentlege sjukehusa som fylkeskommunen hadde ansvaret for. Noreg vart då delt inn i fem regionale helseregionar som fekk ansvaret for alle norske sjukehus. Helse Vest er ein av desse fem regionane. Regionen dekker Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylke. Sjukehusa i regionane er organiserte i administrative einingar eller helseføretak (HF). Alle helseinstitusjonane i Rogaland er no samla i Helse Stavanger HF som dekker Sør-Rogaland, og i Helse Fonna HF som dekker Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Sentralsjukehuset i Rogaland (SiR) er i dag hovudsenter for Helse Stavanger HF. Totalt har Helse Stavanger HF om lag 5 300 tilsette. Yrkesgruppene spenner frå legar og sjukepleiarar til radiografar, bioingeniørar og miljøarbeidarar. I dag finst det om lag 130 ulike yrkesgrupper i organisasjonen. Denne store helseorganisasjonen er også den største arbeidsgjevaren i distriktet.



.