Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten
Forsamlingshus til kvekarane i Tysvær.

Forsamlingshus til kvekarane i Tysvær.

Trusfridom – retten til å velja livssyn utan å bli forfylgd eller diskriminert – er ein menneskerett i eit levande demokrati, ein rett så sjølvsagd at vi gjerne gløymer at han har kosta kamp og offer i vårt land, og at kampen var lang og seig. Religionsfridomen kom ikkje med Grunnlova i 1814.

Den fyrste store striden for trusfridom stod i åra etter 1814 og pionerane var ein ganske liten flokk ”af Almuen”, som det heitte, sjøfolk, fiskarar, småbrukarar, handverkarar, tjue-tretti fattige menneske. Dei var kvekarar. Dei hadde tru og mot til å utfordra ein mektig stat.

Konventikkelplakaten sette forbod mot at lekfolk kunne halde religiøse møte utan løyve frå soknepresten. Det var den som førde Hans Nielsen Hauge i fengsel og knekte han. Konventikkelplakaten blei forsøkt oppheva ei rekkje gonger, og i 1842 fekk medlemar i Den norske kyrkja forsamlings fridom. Samstundes fekk også kvekarane dispensasjon på visse vilkår. Året etter fekk den katolske kyrkja løyve til å skipa eit kyrkjesamfunn i Noreg. Frå nå av var det lov å halda oppbyggingsmøte utan prestekontroll.



.