Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

I 2013 har det vore fokus på at det er 100 år sidan norske kvinner fekk allmenn stemmerett. I 2014 skal det markerast at det er 200 år sidan vi fekk Grunnlov og stemmerett. Det er dette som er eit hovudtema ved Arkivdagen i 2013.

Ved Statsarkivet i Bergen har vi kjelder som viser korleis stemmeretten vart utøvd lokalt. Vi vil undersøke kor mange som nytta retten til å registrere seg i manntalet, og tek utgangspunkt i Etne i Sunnhordland.  I futearkivet frå Sunnhordland har vi stemmerettsmanntalet for Etne, ført frå 1828, men med opplysningar om dei som hadde fått stemmerett attende til juli 1814.

Frå stemmerettsmanntalet for Etne

Ei side frå stemmerettsmanntalet for Etne. Arkivet etter futen i Sunnhordland, Statsarkivet i Bergen.

Etne hadde ved folketeljinga i 1801 1412 innbyggjarar, 137 var gardbrukarar. Ved teljinga i 1825 var det 1935 personar i Etne, og i 1865 budde det 2610 personar i Etne. Av desse var 213 gardbrukarar.  I tillegg til gardbrukarane, dei fleste av dei sjølveigarar, hadde Etne gjennom 1800-talet nokre få andre som var kvalifiserte for stemmerett: soknepresten og nokre offiserar.




.