Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

I dag tenkjer me kanskje ikkje stort over kva vitskap som ligg bak vervarslinga. Me er såre nøgde berre me får nøyaktige vervarsel for kvar dag, og nokonlunde to veker fram i tid. Så får det så vere at varselet ikkje alltid stemmer, og at veret ofte ikkje vert så bra som me ynskjer det.

Det vitskapelege grunnlaget for dagens vêrvarsel vart utvikla av den såkalla Bergensskolen i byrjinga av 1900-talet, sjølv om den meteorologisk historia er mykje eldre. Norsk Meteorologisk Instituttet vart oppretta i Kristiania (Oslo) i 1866.

Meteorologien byggjer sjølvsagt mykje på observasjon av vêret. Professor Henrik Mohn (1835-1916) frå Bergen leia Meteorologisk Institutt frå 1866 til 1913. Som instituttleiar sytte han for systematiske vêrobservasjonar frå heile landet. Desse dataa la grunnlaget for boka Om Vind og Veir. Meteorologiens Hovedresultater fra 1872. Her fekk ein meteorologien eksemplifisert gjennom vêrkart med innteikna observasjonar.




.