Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Når ein les eldre kyrkjebøker finn ein frå tid til anna skildringar av ekstremver og uår, og dei vart gjerne følgde av høge dødstal. Nokre verkatastrofar var så store at dei sette spor etter seg i fleire kjelder. "Galne-Måndagen" er eit slikt eksempel. 11. nars 1822 herja ein voldsom orkan heile kysten av Vestlandet . I ei synfaring og vitneavhøyr kan me lesa om då ein orkan raserte prestegarden i Ullensvang i Hordaland. Andre gongar kan spora i arkiva verke mindre dramatiske, men like fullt bere vitnesbod om ei katastrofe. Hos sorenskrivaren i Indre Sogn finn ein ei avtaksforretning frå 1742 som fortel om ein vaksande isbre i dalsida over garden Mjelvær og korleis han la seg over den dyrkbare jorda og korleis dei opplevde "den sterke og kolde vind, som Jisbreen puster fra sig ". Dei veksande isbreane hang saman med perioden 1300-1800-talet, også kalla Den litle istida.



.