Innhald


Registrering

Må eg registrere meg?

Nei, det er ikkje naudsynt å registrere seg. Om du oppretter ein konto får du tilgang til di eiga side. Her vil me tilby ekstratenester. I dag har me ikkje mange: du kan endre korleis datoane ser ut i dataa og du kan krysse av for at lenkene i trefflista kjem i eit nytt vindauge. Har du ein konto i Digitalarkivet, kan du òg bruka han til å logge inn i debattforaa til Arkivverket. Det er gratis og uforpliktande å ha konto i Digitalarkivet, men me ber om at du skriv namnet ditt, førenamn og etternamn, når du registrerer deg. For dei som deltek i diskusjonane i debattfora vil namnet vera synleg for søkjemotorar som Google.

Korleis registrerer eg meg?

Du treng ei gyldig e-postadresse for å kunna registrere deg. På hjelpesidene våre finn du ei rettleiing  for korleis du går fram. 

Det er vanskeleg å tyde den bølgja teksten i registreringsvindauget.

Om teksten er uleseleg kan du få fram ny tekst. Det er ein knapp med to pilar som dannar ein sirkel - eit oppdateringsikon - ved sida av teksten. Klikk på denne knappen inntil du får fram ein tekst du klarer å tyde. Pass på at du skriv alle teikna, også punktum, komma osb. om det dukkar opp. Det vil alltid vera to ord. Begge skal skrivast, hugs mellomrommet. Pass på stor og liten bokstav.

Aktivering

Det skjer ikkje noko når eg klikkar på aktiveringslenka i e-posten eg har fått

Om lenka i e-posten ikkje er blå og "klikkbar", kan du kopiere lenka. Merk teksten frå og med http og heilt til siste teikn, sjølv om det kanskje går over fleire linjer. Kopier den markerte teksten (høgreklikk -> kopier) og opne nettlesaren din (Firefox, Internet Explorer, Chrome, osb.). I addressefeltet (tekstfelt på toppen av sida der du finn internettadressa til sida du er inne på) klikkar du deg inn og limer den kopierte lenka (høgreklikk -> lim inn). Trykk på Enter-tasten på tastaturet og du skal no få ei stadfesting på skjermen som seier at kontoen er aktivert og du kan logge inn. 

Om du ikkje lukkast med dette, kan du vidaresende e-posten med aktiveringslenka til oss (digitalarkivet@arkivverket.no ), så skal me aktivere kontoen for deg.

Eg får feilmelding når eg klikkar på aktiveringslenka i e-posten eg har fått

Det kan vera fleire årsaker til feilmelding når du forsøker å aktivere kontoen. Nokre gongar skuldast det at kontoen allereie er aktivert, forsøk derfor å logge inn . Andre gongar er det noko gale med nettlesaren. Om du har Internet Explorer som standard nettlesar, forsøk å opne aktiveringslenka i ein annan nettlesar, som Firefox eller Chrome. Då må du kopiere lenka frå e-posten, sjå punktet over. Feilmeldinga kan òg skuldast at du har venta for lenge frå du registrerte deg til du aktiverte kontoen. Då må du få ny aktiveringslenke .

Om du likevel får feilmelding, kan du videresende e-posten med aktiveringslenka til oss (digitalarkivet@arkivverket.no ), så skal me aktivere kontoen for deg.

Søking

Eg får null treff når eg søkjer

Det kan vera fleire årsaker til at du får null treff:

  • me har ikkje data frå tidsperioden/området du leitar i
  • stavemåten stemmer ikkje med den gamle stavemåten
  • det er for mange opplysningar i søket

Dataa i Digitalarkivet er i hovudsak konsentrert rundt 1801-1910, men det fins nokre data før 1801 og etter 1910. Pr 2013 er det berre folketeljingar og kyrkjebøker på dei nye nettsidene, for andre data som emigrantregister, militærrullar, skattelister osb. må du framleis til dei gamle nettsidene . Hordaland, Sogn og Fjordane og Trøndelag er godt representert i Digitalarkivet, medan Austlandet har få kjelder tilgjengelege for søk. 

Dataa er skrive av slik dei står i kjelda. Eit namn som Christoffer kan difor ha svært mange stavemåtar, t.d. Kristoffer, Krestofer og Christopher. For å få med dei fleste namnevariasjonane lyt du trunkere, dvs. å erstatta delar av namnet med *. Eit søk etter Chistoffer kan då sjå slik ut: *risto* For fleire søkjemetodar kan du sjå på hjelpesidene  våre.

Søkjesystemet vil leite etter alle   opplysningar du skriv inn. Skriv du alle namna til ein person, eksakt fødselsdato, fødestad og bustad, vil du sjeldan få treff. Det er berre dei opplysningane som kjelda gir, som er tatt med i dataa, og berre i nyare kjelder finn me mange detaljar. Dess lenger tilbake i tid me kjem, dess færre opplysningar finn du i ei kjelde om kvar person. Derfor må du starte med få  opplysningar  når du søkjer. Får du for mange treff, kan du opna søkjeskjemaet og leggje til fleire opplysingar, les meir om det i avsnittet nedanfor. Hugs å trunkere! 

Eg får altfor mange treff når eg søkjer

Når du får for mange treff, rår me at du legg til nokre fleire opplysningar, t.d. eit namn, ein stad, årstal for hendinga eller fødselen. Det er lurt å trunkere (sjå avsnitt over), også årstala kan trunkerast (181* i staden for 1812, eller 1810|1811|1812|1813|1814 osb.). Les meir om trunkering på hjelpesidene  våre. Det kan òg vere hjelp i å gjere søket i eit søkjeskjema. Me har dei generelle søkjeskjema for personar og eigedom - dei vil søkje gjennom alle data i Digitalarkivet, men me har også dei kjeldespesifikke og dei listespesifikke søkjeskjema. Om du går inn i Finn kilde  frå den horisontale menyen på framsida vår, vil du finne snarvegar til søkjeskjema i høgre kolonne. I Finn kilde kan du også søkje fram ei transkribert kjelde og søkje berre i den bestemde kjelda.

Debatt/Diskusjonsfora

Korleis skriv eg eit spørsmål eller eit svar i debattane?

Du må vere logga på for å kunne skrive innlegg. Sjølv om du har logga deg på Digitalarkivet, er du ikkje automatisk pålogga i debattane. Når du er på forum-sida: http://forum.arkivverket.no/  ser du øvst i høgre hjørne. Om du ser namnet ditt er du logga inn. Ser du "Logg inn Opprett en bruker!" må du logga inn. Klikk då på Logg inn. Om du ikkje har registrert deg hos Digitalarkivet, må du klikka på "Opprett en bruker!" for å registrere deg før du logger inn. Du kan lese meir om korleis du skal skrive eit spørsmål i debattane på hjelpesidene . For å gje eit svar i ein tråd, er det berre å opne tråden og rulle til siste innlegg. Der finn du ei ope rute til å skriva i. 

Eg får ikkje lagt inn eit svar i ein tråd/diskusjon

Når du ikkje får lagt inn innlegget ditt, kan det skuldast at du ikkje er pålogga debatten. Sjå avsnitt over for korleis du kan kontrollere dette. Det kan også skuldast at du er i det arkiverte forumet. Det arkiverte forumet er ei samling av alle diskusjonane frå eit gamalt debattforum me hadde før 2011. I dette forumet er det ikkje mogeleg å svare. Sjå avsnitt under for korleis du kan løyse dette.

Etter ei oppdatering av programvaren i slutten av januar 2014 er svar-ruta utstyrt med ein brytar for å slå av og på html-visning. Om du har slått av html vil du ikkje kunne lime inn lenker til andre nettsider på normalt vis. Om du opplever at teksten eller lenkene forsvinn når du trykker på Post-knappen, må du aktivere html-visning ved hjelp av brytaren. Du finn han øvst til venstre i verktøylinja (sjå bilete).

Eg vil svare i Arkiv-forumet - innlegg frå tidlegare debattfora

Dette forumet  er ei samling av alle diskusjonane frå dei debattfora me hadde i Digitalarkivet før 2011. Her er det ikkje mogeleg å svare, men diskusjonane kan halde fram for det! Ser du ein tråd du ønskjer å diskutere vidare kan du kopiere tittelen, ta gjerne med diskusjonsnummeret (tal mellom klammar). Bruk den gamle tittelen som tittel når du oppretter ein ny diskusjon i Brukernes eget forum  og i det første innlegget du skriv, tek du med ei lenke til den opphavlege tråden i Arkiv-forumet. På det viset vil det vere lett for gamle lesarar å finne attende til tråden, og nye lesarar kan raskt setje seg inn i diskusjonen og delta.

Korleis få melding når noko nytt er skjedd i mine trådar eller diskusjonar eg følgjer

I debattane kan du justere innstillingar slik at du får melding når nokon svarar i dei diskusjonane du har starta. Du kan òg velje om du vil ha melding når nokon svarer i diskusjonstrådar du har delteke i eller som du berre les utan å skrive innlegg. Du finn rettleiing for dette på hjelpesidene .

Eg får ikkje logge inn på debattforumet

Vi oppdaterte programvaren for pålogginga til debattfora og Digitalarkivet sine nettsider i slutten av januar 2014. No vil Digitalarkivet og debattsidene ha ei felles medlemsliste. Nokre av debattantane vil oppleve at dei ikkje får logge inn på debattsidene etter denne omlegginga. Dette kan løysast på ein av to måtar:

  1. Logg inn på nettsidene til Digitalarkivet  med same e-postadresse og passord du har i debattane. Når pålogginga er vellukka kan du gå attende til debattsidene og logge inn der på normalt vis.
  2. Registrer deg på nettsidene til Digitalarkivet med same e-postadresse og passord du har i debattane. Etter du har registrert deg, må du også aktivere kontoen. Når registrering og aktivering er vellukka, kan du gå attende til debattsidene og logge deg inn på normalt vis.

Forsøk på 1) først. Om du får melding om "Feil brukernavn eller passord" tyder det på at kontoen din ikkje er synkronisert og då må du gå til 2)