Rettar til materialet

Gjestane i Digitalpensjonatet er bidragsytarar og har rettane til deira digitale kjelder. Digitalarkivet har berre rett til å distribuere materialet gjennom visningsverktøya på nettsidene. Bidragsytaren kan trekkje attende eigne data/bilete/avkrifter når han/ho ønskjer det.

Digitalarkivet har ei redaktørrolle i Digitalpensjonatet, og skal sjå til at materialet er av ein slik kvalitet at det er til god nytte for brukarane. Digitalarkivet kan derfor reservere seg mot å publisere ei digital kjelde dersom materialet er av ein slik art at me ikkje ønskjer å publisere det på nettsidene våre.

Krav til materialet

Ein hovudregel for digitale kjelder som skal leverast til oss, er at dei skal vere mest mogeleg kjeldetru. Når ein tastar ei kjelde, skal ein skrive teksten slik det står skrive i kjeldene, medan eit digitalt bilete skal vise ei heil side og vere så skarpt og leseleg som mogeleg.

Digitale kjelder skal bygge på eit arkivstykke eller ein serie frå eit arkiv. Ein skal ikkje konstruere ei kjelde ved å hente informasjon frå fleire stader eller ved å trekkje eigne slutningar og skrive inn sine tolkingar. Den digitale kjelda skal heller ikkje vere berre eit par sider eller eit tekstutdrag frå kjelda, med unntak av kyrkjebøker kor me godtek at ein registrerer t.d. berre døypte, eller berre konfirmerte frå ein protokoll.