Alle kan bli gjest i Digitalpensjonatet. Kriteriet er at ein tek utgangspunkt i ei arkivkjelde og gjengir ho så kjeldetru som mogeleg.

Digitalarkivet opprettar eit rom i Digitalpensjonatet for kvar gjest. Ein gjest kan vere ein institusjon, ei foreining, ei gruppe personar som samarbeider eller ein enkeltperson.  I dette rommet kan gjesten presentere seg sjølv med si eiga tekst og sin eigen logo, eller me i Digitalarkivet skriv ei passande tekst og set inn vår logo for Digitalpensjonatet.

Dei kjeldene som gjesten bidreg med vert merka med logo/DP-logo slik at når nokon ser på desse kjeldene, kjem det klart fram kven som eig dette digitaliserte materialet. 

Ta kontakt med oss om du vil dra nytte av vår teknologi for tilgjengeleggjering på nett – det er gratis og uforpliktande!