Når vi publiserer skanna kyrkjebøker på nettsidene må vi ta omsyn til personvernet. Vi kan derfor ikkje publisere alle kyrkjeboklistene heilt fram til i dag. Vi har, med støtte i lovverket, satt nokre grenser for publisering av dei ulike listetypane. Medan den generelle klausulen er 60 år, vil listetypar som kan innehalde dødsårsak ha ein klausul på 80 år for publisering på nettsidene. Døypte og konfirmerte kjem i en særstilling. Desse listetypane kan innehalde opplysningar om "sterk" adopsjon, dvs. adopsjon etter adopsjonslova frå 1935, og lova krev klausul i 100 år.

Pr. 1. januar 2017 reglane slik:

  • fødde og døypte tilgjengeleg til og med 1929 – 100 års klausul frå og med 1930
  • konfirmerte tilgjengeleg til og med 1934 – 100 års klausul frå og med 1935
  • vigde, trulova og lysingar – 60 års klausul
  • døde, gravlagde og dødfødde – 80 års klausul når dødsårsak er med, elles inga sperring
  • inn- og utflytta – inga sperring
  • inn- og utmelde av statskyrkja – 60 års klausul
  • lister om dissentarar – 60 års klausul