I Digitalarkivet finn du fleire millionar med postar tasta frå kyrkjebøkene. Desse kan du søkje i. Det er fleire metodar du kan ta i bruk for å søkje i kyrkjeboksdata:

  • "google"-søk, eit fritekstsøk for å leite fram personar eller stader
  • avansert søk, eit forenkla søkjeskjema for å leite fram personar eller stader
  • kjeldespesifikt søk, eit søkjeskjema som berre søkjer i ei bestemd kjelde
  • listespesfikt søk, eit søkjeskjema som søkjer i kyrkjebøkene etter lister eller handlingar

Ei rettleiing til desse søka finn du under Hjelp

I Finn kilde  vil du kunne leite fram alle kyrkjebøkene og dei kjeldespesifikke søkeskjemaa, medan til høgre finn du lenke til dei listespesifikke søkeskjemaa. I desse skjemaa kan du avgrense søket til eit eller fleire geografiske område.

Sperregrenser

Kyrkjebøkene er i utgangspunktet sperra for innsyn i 60 år. Listene over døypte frå 1930 og seinare må likevel kontrollerast for opplysningar om adopsjon før dei kan leverast ut til publikum. Digitalarkivet kan ikkje leggja ut søkbare opplysningar om levande personar, og opererer derfor med strengare grenser.

Per dags dato legg me ut opplysningar om:

  • døypte til 1915
  • konfirmerte til 1930
  • vigde til idag, men med avgrensa informasjon på nyare vigslar
  • dødslistene kan leggjast ut heilt fram til i dag, men sensitive opplysningar (opplysningar om helse, religiøse forhold, økonomi, adopsjon etc.) vert fjerna før utlegging.

For skanna kyrkjebøker der informasjonen ikkje er søkbar, vil det vere andre sperregrenser.