Digitalarkivet er satt saman av fleire grupper med ulike arbeidsområde.

  • redaksjon
  • registrering
  • skanning
  • utvikling

Redaksjonen har kontorplass ved Statsarkivet i Bergen. Der arbeider dei med nettsidene, har rettleiing for brukarane og held all kontakt med brukarane på telefon, e-post og i debattar. Redaksjonen er ansvarleg for informasjon på nettsidene, samt mottak og publisering av digitale kjelder. Redaksjonen samarbeider med web-redaksjonen i Arkivverket.

Registrering av kjelder i regi av Digitalarkivet skjer på tre stader i landet: Bergen, Voss og Stavanger. Registreringseiningane ved Voss og Stavanger er administrativt lagt til henholdsvis Statsarkivet i Bergen og Statsarkivet i Stavanger. Registreringseiningane, og no også transkriberingsgruppe ved Statsarkivet i Bergen, tek seg av storstila tasting av data frå arkiva i Arkivverket. Registreringseiningane har blant anna sørgt for å taste folketeljingane frå 1865, 1900 og 1910.

Skanning av dokument i Arkivverket går hovudsakeleg for seg i Riksarkivet, Seksjon for digitalisering og konservering. All storskalaskanning skjer i denne seksjonen, slik som skanninga av mikrofilma materiale av kyrkjebøker, pantebøker, tingbøker osb. Etter skanninga er det indeksering og publisering på nettsidene og det tek Seksjon for digital tilgjengeliggjøring seg av. Denne seksjonen deltek også på e-post og i debattar for å svare på spørsmål knytte til denne tenesta.

Utvikling av nye funksjonar for Digitalarkivet skjer no i Riksarkivet, IT-avdelinga. Digitalarkivet har samarbeidet med Jan Oldervoll ved Universitetet i Bergen om teknisk løysing sidan oppstarten i 1998, men frå 2010 har me starta eit prosjekt for å få ny programvare på plass for alle eksisterande tenester i Digitalarkivet. Dette utviklingsarbeidet skjer også ved IT-avdelinga.