Gjere kjelder tilgjengelege på nett

Arkivverket (Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Helsearkivet) brukar Digitalarkivet som kanal for å publisere noko av sitt arkivmateriale, i hovudsak det mest etterspurde materialet. Kjeldene er tilgjengelege som tasta/transkribert eller skanna utgåve. På nettsidene til Digitalarkivet vil desse digitaliserte kjeldene vere opne for alle til å søkje eller bla i.

Digitalarkivet har to registreringseiningar som tek seg av dei større registreringsprosjekta som folketeljingar. Seksjon for digital tilgjengeliggjøring i Riksarkivet er ansvarleg for masseskanning, så som alt mikrofilma materiale i Arkivverket. Samstundes driv statsarkiva også på med tasting og skanning av kjelder som vert tilgjengelege i Digitalarkivet.

Digitalarkivet er også open for andre utanfor Arkivverket som ynskjer å publisere digitale kjelder på nett. Institusjonar, foreiningar og privatpersonar som vil bidra med digitalisert arkivmateriale i Digitalarkivet, får tilbod om gratis lagringsplass og fri bruk av verktøya i Digitalpensjonatet. Dei som blir samarbeidspartnarar i Digitalpensjonatet har alle rettar og ansvar for deira digitale kjelder. Føresetnaden er at det digitaliserte arkivmaterialet kan publiserast for fri bruk for alle på nettsidene. Les meir om korleis du kan bli gjest i Digitalpensjonatet .

Digitalarkivet og Digitalpensjonatet er bygt på tanken om at arkivbrukarane er tent med å få mest mogeleg kjeldemateriale samla på ein nettstad, presentert med eit felles søkjesystem og brukargrensesnitt. 

Utskrifter frå digitaliserte folketeljingar

Digitalarkivet leverer utskrifter av dei digitale folketeljingane frå åra 1801, 1865, 1900 og 1910.

Digitalarkivet har ikkje rettane til alt materiale for 1865, 1900 og 1910. For teljingane frå 1865 og 1900 , kan me berre produsere hefte for det me har rettane til. Registreringssentralen for Historiske Data (RHD) har rettane til det me ikkje kan produsere. Dei tek også imot tingingar på folketeljingsutskrifter. 1910-teljinga kan me tilby for heile landet sjølv om RHD har rettane til delar av materialet.

Filane me nyttar for utskrift av teljingene er også tilgjengelege på nettsidene for gratis utskrift:

Utskriftshefta inneheld:

  • teljingslistene
  • førenamnsregister
  • etternamnsregister
  • fødestadsregister
  • liste over gardane i kommunen/prestegjeldet

Kan du ikkje skrive ut teljingene sjølv, kan du tinga utskrift frå oss, men då er det ikkje lenger gratis. Me leverer dei bundne inn i stive permar i A4-storleik. Prisen på teljingane varierer. Tal personar i kommunen/prestegjeldet set prisen: Det kostar 100 kroner per byrja 1000 personar, og porto kjem i tillegg. Sjå prislista i høgre kolonne for detaljar. Betaling skjer etter at du har fått pakka. Faktura kjem separat. 

Normalt sender me dei tinga folketeljingshefta innan ein månad, men ved store ordre og ferieavvikling kan det gå noko lengre tid.

Ta i bruk bestillingsskjemaet for å tinge hefte.