Frå desember 2005 til 15. november 2011 vart det mogeleg å leggja inn bilete av gardar og eigedomar i folketeljinga frå 1900. Tenesta for å leggja inn er ikkje aktiv lengre, men du kan framleis sjå bileta i fotoalbumet. Frå fotoalbumet kan du gå til den aktuelle garden/eigedomen i teljinga og sjå hushaldet. 

Bileta som er lagt inn kan sjåast på fleire vis, fotoalbumet er eit av dei. I Databaseveljaren finn ein knappelenka i venstre meny "Vis databaser med innlagt bilete", ved å klikka på ho får ein sjå ei liste over alle gardar/bruk med bilete. Ein annan metode for å sjå bileta er å gå inn i teljingslistene, der er det eit husikon etter lenka i Databaseveljaren for dei lister kor det er lagt inn bilete. Når ein så opnar databasen vil ein finna ei knappelenke "Vis gardar med bilete" som gjev ei liste over alle gardane i den bestemte teljinga med gardsbilete lagt inn. 

Frå 1. januar 2012 vil tenesta ikkje lengre fungera. Det skal koma ei ny teneste for opplasting av bilete, men då utan tilknytning til berre ei kjelde. Då skal det vera mogeleg å laga kobling til alle kjelder i Digitalarkivet.