Kva slag arkivmateriale er nettstader

Arkivhandboka legg til grunn at nettstader er å rekne som «trykksaker, rundskriv, anna mangfalda og allment tilgjengeleg materiale», jf. arkivforskrifta § 3-19. Det vil seie at det organet som har utferda slikt materiale skal arkivere eitt eksemplar og dei naudsynte forarbeida. Dette inneber vanlegvis at nettsider blir arkiverte enkeltvis i eit godkjent dokumentformat i Noark-systemet.

Ei slik tilnærming varetar arkivlova sine krav til handtering av denne typen materiale, og kan fungere godt nok for nokon. For andre kan det derimot vere meir hensiktsmessig å anse nettstaden som arkivmateriale i generell forstand, som dermed skal vurderast for bevaring og kassasjon på linje med anna arkivmateriale hos organet. Nettstader kan altså på mange måter samanliknast med fagsystem i verksemda.

Forholdet til pliktavleveringslova

Pliktavleveringslova pålegg offentlege organ å avlevere mangfalda og allment tilgjengeleg materiale til Nasjonalbiblioteket. Det er ikkje gjort nokon avgrensing mellom pliktavleveringslova og arkivlova, noko som betyr at dette i utgangspunktet ikkje påverker den arkivmessige handteringa av nettstader.

Bevaringsvurdering

Det enkelte organ må altså sjølv vurdere bevaringsverdien til informasjonen på sine nettsider og leggje ein plan for korleis denne dokumentasjonen skal varetas, det vere seg i form av skjermdumper frå publiseringsverktøyet eller uttrekk frå det underliggjande produksjonssystemet.

Heimesidene er i mange tilfelle den viktigaste publiseringskanalen offentlege organ har mot publikum. Det kan derfor vere grunn til å vurdere om presentasjonslaget har sjølvstendig bevaringsverdi, altså korleis informasjonen ser ut for allmenta. Både bevaring og kassasjon av nettstaden må vere grunngitt i ein bevarings- og kassasjonsplan. Ei bevaringsvurdering av nettstader må også innehalde ei vurdering av kor langt «ned» ein skal gå, dvs. lenkedjupna på det som skal bevarast, og kor ofte hausting skal skje.

Vegen vidare

Nettstader er ikkje direkte omtala i arkivlova, og passer strengt tatt ikkje inn i regelverket si terminologi. Det er derfor grunn til å evaluere regelverket på dette området, mellom anna med tanke på forholdet mellom arkivlova og pliktavleveringslova. I tillegg skaper mediet si dynamiske natur fleire utfordringar knytt til både avgrensing, dokumentering og bevaring. Korleis desse utfordringane skal handterast må granskast nærare i tida som kjem.