Kva er ein godkjent etikett?

Arkivsystemet ASTA produserer godkjente etikettar. Arkivskapar kan også velje å produsere etikettane sjølv. Eigenproduserte etikettar blir godkjente dersom dei har same mål og tekstrubrikkar som etikettar produserte i ASTA. Eigenproduserte etikettar skal vere laga av papir godkjent av Riksarkivaren og limast på med lim godkjent av Riksarkivaren.

Etikettane som skal brukast på arkivboksane skal ha dei same opplysningane som er i avleveringslista.

Standardetikettar til arkivboksar skal vere 17,5 cm høge og 8 cm breie. Standardetikettar til bruk på protokollar og mindre esker med kortregister og liknande, skal vere 9,5 cm høge og 5 cm breie.