Ifølgje arkivforskrifta § 2-12 skal papir som lagringsmedium i offentlege arkiv oppfylle krava i internasjonal standard for permanent papir, ISO 9706.

Arkivverket godkjenner berre to papirtypar; kvitt, "ubestrøke" kontorpapir (80 g/m2) og papir til reguleringskart (90 g/m2). Førespørslar om å godkjenne andre papirtypar, blir avviste. Søknader om godkjenning skal innehalde dokumentasjon på at papiret oppfyller krava i ISO 9706 (1994) og ha vedlagt prøver på papiret som skal godkjennast. Spesifikasjonane i dokumentasjonen skal gis i samsvar med ISO-standarden. Dokumentasjonen skal vere utført av eit relevant laboratorium, men produsenten sine data blir aksepterte. Dokumentasjonen kan ikkje vere eldre enn tre år.

Godkjenningar blir gitte for tre år om gangen. Eldre godkjenningar utan tidsavgrensing skal også fornyast for periodar på tre år. Kunden har sjølv ansvar for å søkje om fornya godkjenning. Når det blir søkt om fornya godkjenning skal det leggjast fram ny dokumentasjon ettersom produksjonen kan vere endra sidan sist.

Nedanfor følgjer to lister over dei papirkvalitetane som Riksarkivaren har godkjent i samsvar med gjeldande standard. Den første lista gjeld papir til kontorbruk, den andre papir til reguleringskart.

Det er utløpsmånad og –år for godkjenningane. Godkjenningar som har stoppa i 4. kvartal 2012 er førebels ikkje fjerna frå lista. Listene blei sist oppdaterte 8. februar 2013.

Kontorpapir

Kravet vårt er at papiret oppfyller ISO 9706 og at det er kvitt og "ubestrøke". Berre 80 g/m blir akseptert. Lista er avgrensa til papir for kontorbruk, for skrivarar og kopimaskinar. Vi har ikkje godkjenning for trykkpapir eller omslag, som nokre ganger blir brukt som kopieringspapir og som også kan oppfylle standarden for ISO 9706.

  • Cocoon Office 10/2015
  • Cocoon Offset 10/2015
  • Cocoon Preprint 10/2015
  • Copy 80 09/2015
  • Data Copy 10/2015
  • Diajet EcoColor Matt 3650 01/2014
  • Image Business 10/2015
  • Image Volume 10/2015
  • Maestro Extra (grade 505) 12/2013
  • MultuCopy Colour Laser 09/2015
  • Nordic office 06/2013
  • Pioneer 10/2015
  • Pioneer Preprint 10/2015
  • Plano Dynamic 09/2015
  • Plano Plus 09/2015
  • Sky Copy 09/2015
  • Sky Laser 09/2015
  • Staples Copy 12/2012
  • Staples Multiuse 12/2012
  • Staples Premium 09/2015
  • Superior 09/2015
  • Symbiographic 12/2012
  • Symbiotext 12/2012
  • Symbio Copy 10/2015
  • Scandicopy 12/2012
  • Team 10/2015
  • Truecolor Papier Matt 3330 01/2014
  • UPM Office copy/print 01/2016
  • Zoom 12/2012
  • Zoom Extra 12/2012

Papir til reguleringskart

Kravet vårt er at papiret oppfyller ISO 9706 og at det er kvitt og "ubestrøke". Berre 90 g/m2 blir akseptert. Lista gjeld papir til blekkskrivarar. Til fargekopiar opp til A3-format kan det også brukast vanleg kontorpapir, sjå liste 1.

  • Maestro Extra (grade 505) 12/2013
  • STP-90
  • Z-Plot 650