Kva er skytenester?

Skytenester er ei nemning for virtuelle tenester som blir leverte via internett av eksterne tenesteleverandørar. Tenestene kan omfatte levering av operativsystem, nettverk, diskplass eller programvare. Den fysiske lagringa skjer gjerne på opptil fleire geografisk spreidde serverar, i motsetnad til at data blir lagra lokalt hos verksemda. Ei nettsky kan vere sett saman av alt frå to serverar plasserte ein eller fleire stader i Noreg, til eit utal serverar fordelte på fleire forskjellige land.

Modellen er robust fordi han inneber at det stadig blir framstilt kopiar, men denne forma for lagring gir også nokre utfordringar. Om tenesteleverandøren endrar vilkåra, eller legg ned verksemda, kan ein risikere å miste tilgang og kontroll. I tillegg ligg det i konseptet at avtalene vert kompliserte. Plikter, krav og ansvarsforhold kan difor vere vanskelege å halde oversikt over dersom det skulle oppstå konfliktar.

Jurisdiksjon

I utgangspunktet er arkivmateriale underlagt den nasjonale lovgivinga i det landet der det oppheld seg. Ved skylagring kan jurisdiksjonen i fleire land vere gjeldande, og det kan vere vanskeleg å avgjere i kva land opplysingane er til kvar tid. Ei sentral problemstilling i tilknyting til skytenester vil difor vere kva lovgiving som finst i dei ulike landa om korleis informasjon skal handterast og lagrast. Sjølv om det finst ein avtale mellom leverandøren av skytenesta og kunden om kvar informasjonen skal lagrast, kan han framleis flyttast mellom ulike land og verdsdelar. Det kan også oppstå situasjonar der politi- og etterretningsmyndigheiter i eit anna land har krav på innsyn, sjølv om dei etter norsk rett ikkje vil ha det. Det er så langt ikkje inngått internasjonale avtalar om dette, og det vil vere ei utfordring å hindre slik tilgang gjennom kontraktar mellom organet og tenesteleverandøren. Ein måte å sikre kontroll med arkivmaterialet er difor å sørgje for at det er underlagt norsk jurisdiksjon.

Kva føringar gir arkivlova?

På noverande tidspunkt inneheld ikkje arkivlova føresegner som direkte regulerer lagring av arkiv i nettskyer. I utgangspunktet er difor ikkje arkivlova til hinder for ei slik løysing. Likevel kan arkiv ikkje lagrast på serverar som er lokaliserte utanfor Noreg sine grenser, ettersom dette vil innebere å føra arkiv ut av landet jamfør arkivlova § 9 bokstav b.

Tryggingskopiar

Arkivforskrifta § 2-10 pålegg arkivskaparar som nyttar elektroniske arkivsystem å ta tryggingskopiar av databasen kvar dag. Tryggingskopiane skal lagrast på einingar som er fysisk skilte frå dei einingane der databasen ligg. Verken lova eller forskriftene regulerer lagring av tryggingskopiar i utlandet, men ettersom tryggingskopien er meint å erstatte den originale databasen ved eit eventuelt tap må den underleggjast dei same vilkåra som originalen. På den andre sida er regelverket ikkje til hinder for utførsel av eventuelle andre kopiar, så lenge det komplette arkivet og tryggingskopien oppheld seg i Noreg.

Arkivlova § 9 b

Arkivalia skal ikkje utan vidare kunna førast ut av landet, dersom dette ikkje er ein naudsynt del av den forvaltningsmessige eller rettslege bruken av dokumenta. Bakgrunnen for forbodet er ikkje omtala i førearbeida til arkivlova, men unntaka er i nokon grad grunngjevne. I Ot.prp. nr. 77 Om lov om arkiv er det sagt følgjande i pkt 3.2.5:

"Etter § 9 bokstav b skal arkivalia heller ikkje utan vidare kunna førast ut or landet, dersom dette ikkje er ein naudsynt del av den forvaltningsmessige eller rettslege bruken av dokumenta. Dette unnataket frå utførsleforbodet er formulert for at t.d. Utanriksdepartementet ikkje skal måtta ta omsyn til dette lovbodet i det ordinære saksarbeidet vis à vis utanriksstasjonane eller ved internasjonal møteverksemd. Tilsvarande skal utførsleforbodet heller ikkje hindra at arkivdokument kryssar riksgrensa når t.d. ein kommune i Trøndelag har samrådingar med grannekommunen i Jämtland, eller når dokument skal leggjast fram i ei rettsak i eit anna land."

Unntaket frå forbodet mot utførsel av arkivalia er soleis meint å opne for å føre arkivmateriale ut av landet i situasjonar av mellombels karakter knytte til handsaming av einskilde saker.

Lagring av digitalt arkivmateriale utanfor Noreg

Lagring av offentlege arkiv i nettskyer reiser mange problemstillingar, mellom anna knytte til korleis arkivplikta kan varetas, om forbodsføresegner vert krenkte, korleis tilsynsverksemda må innrettast og korleis pålegg- og straffeføresegner kan nyttast. Dei siste åra har det av den grunn pågått mykje arbeid omkring utvikling av retningslinjer for bruk av skytenester. Mellom anna har ei interdepartemental arbeidsgruppe gått gjennom sentrale lover og forskrifter for å kartlegge relevante krav. Kartlegginga syner at det ikkje finst regelverk som teknologisk regulerer bruken av skytenester, men at enkelte lover og forskrifter stiller krav om lagring innanfor eit geografisk område. Først og fremst gjeld dette arkivlova, bokføringslova, tryggleikslova og personopplysingslova. Kulturdepartementet har difor revidere arkivforskrifta for å tilpasse ho til ei digital tidsalder. Forslag til ny forskrift om offentlege arkiv er sendt på høyring med frist 15.01.2017. Her føreslår departementet mellom anna ein ny § 22 om lagring av digitalt arkivmateriale i utlandet:

"Offentlege organ kan lagre digitalt arkivmateriale utanfor Noreg dersom pliktene i arkivlova med forskrifter er regulerte i avtala mellom organet og eigaren av arkivlageret. Organet skal behalde tilgang til, kontroll med og eigedomsrett til sitt eige arkivmateriale."

Ansvaret for innhaldet i avtalane, og kvaliteten på tenesta blir dermed plassert hos arkivskaparane.