Korleis overfører ein elektronisk arkiv?

Elektronisk journal og arkivmaterale skal avleverast til depot når arkivet har gått ut av administrativ bruk etter ca. 25 år.

I tillegg skal ein kopi av basen deponerast i Riksarkivet så fort ein arkivdel er avslutta og rydda. Overføring skal etter avtale skje på ein trygg måte og på godkjente arkivformat og medium.

Kjekt å vite

Det er ikkje tillate å slette elektronisk arkivmateriale før det er stadfesta at avleveringa er godkjent.

Lovheimel

Elektronisk arkiv skal overførast til Arkivverket etter føresegnene i Riksarkivaren si forskrift kapittel VIII - også kalla avleveringsføresegnene.