Kva er avleveringsføresegnene?

Kapittel VIII i Riksarkivaren si forskrift blir ofte kalla avleveringsføresegnene. Her har Riksarkivaren gjort greie for korleis elektroniske uttrekk skal gjerast.

Kvifor er avleveringsføresegnene viktige?

I kapittel VIII vil ein til eikvar tid finne dei godkjente arkivmedia og arkivformata, og dei detaljerte reglane om feltlengder, tegnsetting med meir.

Kjekt å vite

Eit Noark-uttrekk er langt på veg spesifisert i standarden, og ofte er det leverandøren som gjer sjølve uttrekksjobben og overfører uttrekket til arkivdepot på vegne av verksemda. Verksemda har likevel det fulle ansvaret for avleveringa.

Lovheimel

Riksarkivaren si forskrift kapittel VIII er heimla i arkivforskrifta § 5-8.