Avlevering av arkivmaterialet

Når den elektroniske avleveringslista er godkjent av mottakande institusjon, kan tidspunkt for avlevering avtalast. Før oversending må arkivstykka bli lagde i transportemballasje i den rekkjefølgja avleveringslista viser. Transportemballasjen skal nummererast fortløpande. Sendemåten blir avtalt med mottakarinstitusjonen. Arkivdepotet som tek i mot avleveringa, skal kvittere for materialet det har fått.

 

Tilbakelån av tidlegare avlevert arkivmateriale

Dersom det er nødvendig for saksbehandlinga, kan avleverande organ låne tilbake arkivmateriale. Materialet skal då sikrast like godt som i arkivdepotet. Dersom dette ikkje lèt seg gjere, kan materialet i staden gjerast tilgjengeleg for bruk i arkivdepotet eller ved kopiering.