Produksjon av etikettar

Arkivsystemet ASTA produserer godkjende etikettar.

Dersom ein brukar Riksarkivet si elektroniske avleveringsliste (word-skjema) og skal avlevere til Riksarkivet, skal lista sendast til Riksarkivet for godkjenning. Riksarkivet konverterer lista til arkivsystemet ASTA og produserer etikettar. Etikettane blir sende til avleverande organ som limer dei på arkivboksane før avlevering. Limet skal vere godkjent av Riksarkivet.

Statsarkiva kan ha ein annan praksis når det gjeld produksjon av etikettar med utgangspunkt i elektronisk avleveringsliste. Kontakt det aktuelle statsarkivet.

Arkivskapar kan også velje å produsere etikettane sjølv. Eigenproduserte etikettar blir godkjende dersom dei har same mål og tekstrubrikkar som etikettar produserte i ASTA. Eigenproduserte etikettar skal vere laga av papir godkjent av Riksarkivaren og limt på med lim godkjent av Riksarkivaren.

 

Opplysningar på etikettane

Etikettane som skal brukast på arkivboksane og bøkene skal innehalde dei same opplysningane som står i avleveringslista:

  • arkivet, og eventuelt arkivskapar sitt namn
  • seriekode og serienemning
  • arkivstykket sitt innhald og ytterår, eventuelt på mappenivå
  • stykkenummer (løpenummer)
ASTA-etikett

Teksten på etiketten blir henta frå avleveringslista.

 

 

Størrelse på etikettar

Standardetikettar til arkivboksar skal vere 17,5 cm høge og 8 cm breie. Standardetikettar til bruk på protokollar og mindre esker med kortregister og liknande skal vere 9,5 cm høge og 5 cm breie.