Kva finn du i bevarings- og kassasjonsregisteret?

Vedtaka varierer i omfang. Eit vedtak kan gjelde for alt arkivmaterialet til eit offentleg organ eller ein sektor, eller det kan ta for seg ein avgrensa tidsperiode eller ein bestemt type materiale. Dei fleste vedtaka gjeld materiale som alt er skapt, men ein del vedtak gjeld også for framtidige arkiv. Registeret inneheld vedtak både for papirarkiv og elektroniske arkiv.

Registeret inneheld både gjeldande vedtak og vedtak som er heilt eller delvis erstatta av andre vedtak. For nyare vedtak er det lagt inn merknad dersom eit vedtak er heilt eller delvis oppheva.

På 1980-talet blei det utarbeidd generelle retningslinjer for arkivavgrensing og kassasjon i fylkeskommunale og kommunale arkiv og dessutan felles bevarings- og kassasjonsføresegner for eigenforvaltningssakene i staten. Dei gjeldande bevarings- og kassasjonsføresegnene for kommunar, fylkeskommunar og eigenforvaltningssaker i staten står i Riksarkivaren si forskrift kapittel III, IV og V. Vi er i ferd med å revidere dette regelverket.

Korleis bruke bevarings- og kassasjonsregisteret?

Vedtaka kan sorterast ved å klikke på ønskt kolonneoverskrift.

Klikk ein gong til for motsett rekkjefølgje. Bruk Fritekstsøk  for å søkje i alle kolonner i oversikta.

NB. Offentlege organ blir omorganiserte og endrar namn. For å finne ut kva vedtak som gjeld for eit offentleg organ, bør du også søkje på forløparar til dagens organ. Dersom du f.eks. vil ha oversikt over alle vedtak som gjeld NAV, bør du først søkje på NAV i fritekstfeltet, og deretter søkje på Arbeids-og velferdsdirektoratet (Aetat), Rikstrygdeverket osv.

Bestilling av vedtak

Dersom du ønskjer å sjå eit vedtak, sender du ein e-post til riksarkivet@arkivverket.no . Skriv i e-posten at du ber om innsyn i eit bevarings- og kassasjonsvedtak. Oppgi organet sitt namn, vedtaksnummer og vedtaksdato i e-posten, slik at vi ikkje er i tvil om kva vedtak du vil ha tilsendt.

Dei eldste vedtaka

Dei eldste vedtaka er frå 1870-talet og har hovudsakleg historisk interesse. Materialet som blir omfatta av vedtaka er allereie avlevert eller kassert. Vedtak fatta før 1900 manglar vedtaksdato, men saksnummer indikerer kva år vedtaket blei gjort. Vedtaka er skrivne for hand og på gotisk. Vedtak for tida før 1920 er som regel berre innførsler i kopibøker, og det kan vere tidkrevjande å finne dei fram og skanne dei. Litt saksbehandlingstid må påreknast dersom du ønskjer å få tilsendt dei eldste vedtaka.