Generelle føresegner

Føresegner som gjeld heile den statlege forvaltninga finn du i Riksarkivaren si forskrift 1. desember 1999, nr. 1566, kapittel III. Det gjeld saker innanfor eigenforvaltning, kode 0, 1 og 2 i Felles arkivnøkkel for statsforvaltninga.

Utarbeiding av bevarings- og kassasjonsreglar

Alle statlege organ må utarbeide forslag til bevaring og kassasjon for sine eigne fagsaker. Vi har laga ei rettleiing til bruk for forvaltninga.

Gjeldande vedtak

Vil du vite om det allereie finst vedtak som gjeld organet ditt? Ei oversikt over bevarings- og kassasjonsvedtak frå Riksarkivaren er lagd ut på nettsidene våre. Kopi av bk-vedtaka kan du få hos riksarkivet@arkivverket.no