Kva er innsynsretten?

All informasjon er open for alle dersom det ikkje er gjort unnatak frå offentleg innsyn med heimel i lov. Ei gjennomsiktig forvaltning og innsyn i prosessar og dokument, er ein føresetnad for offentleg diskusjon og dermed for demokrati. Ved hjelp av offentlege journalar kan borgarane finne fram i saker og gå rett til kjeldene.

Korleis gå fram for å be om innsyn?

  • slå opp i Offentleg elektronisk postjournal (OEP)
  • gå inn på organet si heimeside og søk i offentleg journal
  • kontakt organet eller møt fram hos organet

Ein som ber om innsyn etter offentleglova treng ikkje opplyse om namnet sitt, men ved partsinnsyn blir det kravt identifikasjon.

Kva kan haldast unna offentleg innsyn?

Forvaltninga har teieplikt for personlege opplysningar og ein del annan informasjon. I slike tilfelle skal dokumentet, eller delar av det, vernast mot innsyn frå publikum.

Nokre typar dokument, for eksempel dokument som er utarbeidde for eiga saksførebuing eller handlar om budsjett og kontrollar, kan det gjerast unnatak for.

Meirinnsyn

Når det er høve til å gjere unnatak frå offentleg innsyn, skal organet likevel vurdere å gi heilt eller delvis innsyn. Organet bør gi innsyn dersom omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unnatak. Det er viktig at alle organ legg opp til saksbehandlingsrutinar som inneber at meirinnsyn faktisk blir vurdert. Alle søknader om meirinnsyn skal behandlast etter dei same rutinane.

Kjekt å vite

Får du ikkje svar innan 5 dagar er dette å rekne som avslag, og det er høve til å klage. Når eit dokument er vurdert og gjort offentleg tilgjengeleg ein gang, skal det ikkje vurderast igjen.

Lovheimel

Arkivforskrifta § 2-7  spesifiserer kva opplysningar som skal registrerast i journal- og arkivsystem.

Offentleglova § 3  seier at som hovudregel kan alle krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register.

Offentleglova § 11  om meirinnsyn seier at det må vurderast å likevel gi heilt eller delvis innsyn i ei sak sjølv om det er  høve til å gjere unnatak for innsyn.

Offentleglova kapittel 3  listar opp unnataka frå innsynsretten.