Kva er ein publikasjon?

Skriftlege publikasjonar kan vere trykksaker, rundskriv, anna mangfaldiggjort allment tilgjengeleg materiale og blankettar som ikkje er utfylte.

Skal publikasjonar journalførast og arkiverast?

Publikasjonar som blir mottekne skal ikkje bevarast, arkiverast eller journalførast, men arkivavgrensast. Dei publikasjonane verksemda lagar sjølv, skal i arkivet, og helst i den saka der forarbeida ligg. Dei bør også journalførast.

Skal publikasjonar bevarast på papir?

Det er ikkje nødvendig å bevare publikasjonar på papir dersom den digitale fila er tilgjengeleg. Papirversjonar kan bevarast i tillegg, men dei skal ikkje avleverast.

Kjekt å vite

Publikasjonar som er gjort allment tilgjengelege, skal avleverast til Nasjonalbiblioteket.

Lovheimel

Arkivforskrifta § 3-19 om arkivavgrensing nemner eitt unnatak i punkt 1a: Det organet som lagar trykksaker o.l. skal arkivere eitt eksemplar og dei nøvendige forarbeida.