Kva er arkivlova med forskrifter?

Arkivlova med forskrifter heimlar Riksarkivaren sine arkivfullmakter. Det er eit hierarki på tre nivå i dette lov- og regelverket. I nokre tilfelle har både lova, arkivforskrifta og forskrift om behandling av offentlege arkiv føresegner som omhandlar same tema, for eksempel kassasjon. Forskjellen er at føresegnene blir meir detaljerte dess lenger ned i hierarkiet ein kjem. Forskrift om behandling av offentlege arkiv er å sjå på som ein spesifikasjon av arkivforskrifta. Føresegnene her vil ha større tyngd enn dei meir generelle føresegnene som arkivforskrifta har.

Tilsyn

Riksarkivaren fører tilsyn med arkivdanninga i offentleg forvaltning.

Kommunal sektor

Arkivlova med forskrifter gjeld for alle offentlege organ. Det er ein del forskjellar mellom stat og kommune som det er gjort greie for. 

Rettleiingar

Riksarkivaren gir ut rettleiingar for arkivdanninga i serien Rapporter og retningslinjer.

Yrkesetiske retningslinjer

Den internasjonale arkivorganisasjonen International Council of Archives (ICA) vedtok i 1996 yrkesetiske retningslinjer for arkivarar. På nettsidene våre kan du lese den norske versjonen.

Arkivterminologi

Dei fleste spesialord innan arkivterminologien er samla og forklarte på ei eiga side.