Arkivlova

Arkivlova er ei generell lov for alle typar offentlege arkiv. Den har også føresegner om bevaring av private arkiv. Arkivlova har som formål å sikre at arkiv som har omfattande kulturell eller forskningsmessig verdi eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, blir tekne vare på og gjort tilgjengeleg for ettertida. Bevaring og tilgjengeleggjering for ettertida er formålet med lova. Arkivlova tok til å gjelde 1.1.1999, og var basert på rapporten "Samtidens arkiver - fremtidens kieldegrunnlag" (NOU 1987:35). 

Arkivforskrifta

Arkivforskrifta spring ut frå og utdjupar arkivlova. Forskrifta er eit omfattande dokument som regulerer dei fleste sider ved arkivfunksjonen i offentleg forvaltning.

Riksarkivaren si forskrift

Riksarkivaren si forskrift om behandling av offentlege arkiv er gitt med heimel i fleire paragrafar i arkivforskrifta. Også dette regelverket har status som forskrift. Det er viktig å skilje mellom desse forskriftene og arkivforskrifta som er gitt ved kongeleg resolusjon.

Privatarkiver i arkivloven

Arkivlovens formål er å ”tryggja arkiv som har monaleg kulturelt eller forskingsmessig verde eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon”. Formålsparagrafen skiller ikke mellom arkiver etter offentlige eller private arkivskapere. Den store forskjellen ligger i at loven ikke pålegger private arkivskapere noen avleveringsplikt til en arkivinstitusjon. Loven gir Riksarkivaren hjemmel for å utforme retningslinjer for arbeidet med privatarkiver i andre arkivinstitusjoner.

Kven gjeld lova for?

  • Arkivlova gjeld for alle offentlege organ med unnatak for Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og andre organ for Stortinget.
  • For kommunar og fylkeskommunar gjeld eigne reglar for oppbevaring av eldre og avslutta arkiv.
  • Nokre offentlege utval lagar eigne arkiv, men dokumenta kan også arkiverast hos det organet som oppretta utvalet.
  • Rettssubjekt der offentlege organ har halvparten av stemmene i det styrande organet eller kan velje medlemer som har det, er underlagde offentleglova. Dei må føre journal etter arkivlova med forskrifter. 

Forholdet til andre lover

Offentleglova har føresegner om plikt til å føre journal og viser til arkivforskrifta.
Forskrift om informasjonstryggleik viser til arkivlova og Arkivverket.
Personopplysningslova har føresegner om sletting og viser til arkivlova.