Kva er arkivhandboka?

Arkivhåndboken for offentlig forvaltning  er skriven av riksarkivar Ivar Fonnes. Den kom ut første gang i 2000, og andre utgåva kom i 2009. Andre utgåva, andre opplag kom ut i 2010. Arkivhandboka gir rettleiing i arkivarbeid med basis i arkivlova, arkivforskrifta, Riksarkivaren sine forskrifter og anna relevant lov- og regelverk. Boka er eit hjelpemiddel i det daglege arkivarbeidet og den vil gi arkivansvarlege og andre som har arkivoppgåver betre forståing av arkivfaglege tema.

Den nye utgåva av handboka er oppdatert og omarbeidd i tråd med den almenne utviklinga sidan førre utgåve i 2000. Arkivlova sitt dokumentomgrep er endra, offentleglova er erstatta av ei heilt ny lov, og det har har blitt gjort ei rekkje endringar i anna relevant lovgiving. Utviklinga har vore mest omfattande innan elektronisk arkiv og saksbehandling. Dette har blant anna ført til nye føresegner i regelverket og ein ny versjon av Noark-standarden.