Den årlege undersøkinga til Riksarkivaren om tilhøva i norske kommunar og fylkeskommune rettar
seg inn mot arkivhaldet i kommunal sektor, og inneheld blant anna spurnader om tall på hyllemeter
papirarkiv, bruk og omfang av elektronisk arkiv, arkivlokale og kommunen sin arkivorganisering.
Hensikta med undersøkinga er å syrgje for at arkiva til kommunane blir handtert forskriftsmessig på
kort og lang sikt, sidan arkiva til kommunane er viktige kjelder for å ivareta rettstryggleik, partar sine
innsynsrettigheter, ettersporbarhet, likebehandling og forskningsmessige behov i samtid og framtid.

Se meir informasjon om dei årlege undersøkingane på venstre side.