Kva er Riksarkivaren sin tilsynsplan?

I 2009 utarbeidde Arkivverket ein plan for tilsyn med dei elektroniske arkiva til statsforvaltninga. Planen går ut på å gjennomføre tilsyn hos alle departement og Statsministerens kontor i løpet av 5-7 år. I samanheng med tilsyn hos eit departement skal heile fagfeltet det har ansvar for bli kartlagt, og vi vil vurdere om det er nødvendig å gjennomføre tilsyn hos eitt eller fleire av departementet sine underliggjande organ.

Informasjonen som vi får i samanheng med tilsyna vil blant anna bli brukt i det vidare arbeidet med revidering av arkivlovverket og oppdateringar av Noark-standarden. Element frå tilsyna som kan tyde på at noko er uklart, vil kunne danne utgangspunkt for rundskriv. Funn frå tilsyna kan også gi som resultat at det blir oppretta eigne arbeidsgrupper som skal jobbe grundigare med utvalde problemstillingar.

Verksemdene si nytte av tilsyn

Vi meiner at tilsyn ikkje har som hovudoppgåve å finne feil, det er aldri vanskeleg. Ønsket vårt er at tilsyna skal hjelpe til med betre forståing av kompleksiteten i elektronisk arkivdanning. Vi er spesielt opptekne av arkivdokument som blir danna utanfor Noark-systema. Det er også viktig at arkiva og den administrative leiinga reflekterer over ansvarsdeling og samarbeid mellom arkivet og andre tenesteytande einingar i organisasjonen.

Ein viktig føresetnad for å kunne ha eit godt daglegarkiv er å ha ein god og oppdatert arkivplan. Gjennom tilsyna håpar vi å få til eit auka medvit om arkivplanen sin nøkkelfunksjon i eit moderne arkivmiljø.