Riksarkivaren har som oppgåve å føre tilsyn med arkivarbeidet i offentleg sektor, jf. arkivlova § 7. Det betyr at Riksarkivet og statsarkiva kan nytte både "brevlige tilsyn", det vil seie dokumentbasert tilsyn, og "stadlege tilsyn", det vil seie gjesting hos tilsynsobjekta.

Sidan 2009 har Riksarkivet gjennomført tilsyn med hovudvekt på elektronisk arkivdanning. Formålet med tilsynet er å kontrollere at den elektroniske arkivdanninga er i samsvar med relevante føresegner i arkivlova med forskrifter, det vil seie om organet brukar dei systema og faglege metodane som Riksarkivaren har fastsett.

Alle elektroniske system som blir brukte i saksbehandlinga, ikkje berre Noark-system, blir kontrollerte. Tilsyna har også omfatta arkivplanar, organisering og rutinar, leiarforankring og støtte til arkivtenesta.

Tilsynsverksemda er eit viktig verkemiddel i Riksarkivaren sitt arbeid med å fremje ei god arkivforståing i offentleg sektor. Tilsyna skal ikkje berre kontrollere om organet har retta seg etter regelverket, men er også ein viktig kanal for dialog og kunnskapsoverføring, til nytte for både tilsynsobjekta og Riksarkivet.

Rapportar og pålegg frå dei gjennomførte tilsyna innen kommunal og statleg sektor publiseres her. Riksarkivaren vil kontinuerleg publisere nye rapportar og pålegg.