Kva er ein arkivplan og kva skal den innehalde?

Ein arkivplan er ein samla plan over kva arkivet inneheld og korleis det er organisert. Det aukar kvaliteten på arkivet og tilliten til arkivtenesta at ansvar og rutinar er godt dokumenterte og lett tilgjengelege. Arkivnøklar og oversikt over alle instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet, skal vere med, anten som vedlegg eller i eit samla dokument.

Riksarkivaren har laga ein mal for arkivplan . Den har følgjande struktur:

1. Innleiing

2. Eigen organisasjon

3. Lover og føresegner

4. Tryggingstiltak

5. Organisering og behandling av arkiv

6. Vedlegg til arkivplanen

Kjekt å vite

Riksarkivaren godkjenner ikkje arkivplanar, men kan krevje å få dei framlagde.  

Dersom ein legg ut arkivplanen på intranettet, kan den utvikle seg til å bli eit nyttig administrativt verktøy for heile verksemda.

Lovheimel

Arkivforskrifta § 2-2 seier at eit offentleg organ skal ha ein arkivplan