Kva seier lovverket om bevaring og kassasjon?

Arkivlova § 9 slår fast at arkivmateriale ikkje kan kasserast, dvs. bli sletta eller destruert, med mindre dette er heimla i arkivlova med forskrifter eller Riksarkivaren har gitt særskilt samtykke til kassasjon.

Arkivforskrifta § 3-20 gir påbod om bevaring av bestemte typar materiale, mens § 3-19 seier kva slags materiale som skal arkivavgrensast.

Riksarkivaren si forskrift, kapittel III, gjeld felles kassasjons- og bevaringsføresegner for statsforvaltninga (eigenforvaltningssaker).

Riksarkivaren si forskrift, kapittel IV og V, regulerer bevaring og kassasjon i kommunesektoren.

Utarbeiding av bevarings- og kassasjonsplan

Det skal utarbeidast kassasjonsreglar for materiale som ikkje kjem inn under arkivavgrensinga i arkivforskrifta § 3-19, eller bevaringspåbodet i § 3-20 eller blir omfatta av føresegnene i Riksarkivaren si forskrift, kapittel III, IV og V. Kassasjonsreglane skal gi oversikt over kva som skal bevarast, og kva som kan eller skal kasserast, eventuelt kor lenge materialet skal oppbevarast før kassasjon.

Uheimla kassasjon

Arkivlova og arkivforskrifta skal sikre at bevaringsverdige arkiv ikkje blir kasserte.

Uheimla kassasjon inneber at ein makulerer, øydelegg eller slettar arkiv utan at dette er heimla i lov eller forskrift eller er godkjent av Riksarkivaren. Framtidig forsking kan dermed bli skadelidande og i verste fall kan enkeltpersonar bli ute av stand til å dokumentere rettane sine.

Hovudprinsipp for arbeidet med bevaring og kassasjon

Arkivverket har utvikla ein metodikk for arbeidet med bevaring og kassasjon. Den er formulert i dokumentet "Hovedprinsipper for Riksarkivarens arbeid med bevaring og kassasjon i offentlig forvaltning", som blei godkjent av Riksarkivaren 11.08.2006. Dokumentet er ei foredling og vidareutvikling av Bevaringsutvalget sin rapport frå 2002.