Spesielle hendingar og kjende personar

Arkivmateriale om skilsetjande hendingar eller berømte personar kan vere bevaringsverdig for ettertida. Føresetnaden er at dei aktuelle hendingane eller personane hadde stor interesse i samtida si og at dei også vil ha ei slik interesse i ettertida.

Gratulasjon

Eksempel på bevaringsverdig materiale: Gratulasjon frå keisar Hirohito av Japan i høve dåverande kronprins Harald sin fødsel i 1937. Frå Utanriksdepartementet sitt arkiv.

 

 

Spesielle dokument

Enkelte dokument er bevaringsverdige på grunn av spesielle tilhøve knytte til form eller kontekst. Det kan dreie seg om dokument som har utprega symbolverdi, dokument med særskild estetisk verdi eller dokument med pedagogisk verdi der sjølve måten informasjonen er framstilt på gir dokumentet bevaringsverdi, sjølv om dei bevaringsverdige opplysningane også finst andre stader. I visse tilfelle kan gjenstandar som høyrer med i arkivet ha bevaringsverdi grunna spesielle kvalitetar, for eksempel spesiell emballasje eller sjeldne stempel.

Når skal kriteriet brukast?

Ta utgangspunkt i kartlegginga av arkivseriane og evt. fagsystema:

  • Dokumenterer materialet spesielle hendingar?
  • Inneheld seriane informasjon om kjende personar?
  • Inneheld arkiva dokument, lydopptak, foto, teikningar eller gjenstandar med stor symbolverdi?

Slike kriterium er vanskelege eller umogelege å definere eintydig, og dei bør derfor ikkje tilleggjast for stor vekt. Spørsmål om eventuell bevaringsverdi etter desse kriteria må vurderast i forhold til dei ressursane som trengst for bevaring.

Eksempel

Lista nedanfor er på ingen måte uttømmande. Mykje av dette materialet er også bevaringsverdig etter andre kriterium.

Spesielle hendingar

Her blir det tenkt på hendingar som fekk mykje mediemerksemd i samtida og som var med på å definere ein epoke, som for eksempel:

  • Store ulukker som Alexander Kielland-ulukka og Scandinavian Star-ulukka.
  • Saker som var politisk betente, omstridde og hardt debatterte i samtida, f.eks. Lillehammersaka, Treholt-saka, rettsaka i samband med utgivinga av Agnar Mykle si bok, ”Sangen om den røde rubin”, og Alta-utbygginga.
  • Kongelege fødslar, dåp, bryllaup og gravferder, opprettinga av sametinget og utnemninga av Noreg sin første kvinnelege statsminister.

 Kjende personar

Her blir det ikkje først og fremst tenkt på personar som var i rampelyset ein kort periode, men personar som har sett varige spor etter seg. Det kan vere personar som er kjende for bidraga sine til idrett, kultur, politikk, næringsliv eller forsking, men som ikkje nødvendigvis var kjende namn i samtida.

Det kan også vere personar som var svært kjende i samtida og som for ettertida personifiserer ein epoke, eit spesielt miljø osv. Det kan også vere personar som er berykta for handlingane sine.

Eit eksempel på denne typen materiale er Knut Hamsun sin pasientjournal frå opphaldet på Vindern psykiatriske klinikk.

Spesielle dokument

Spesielle dokument omfattar også teikningar, foto, kart og lyd- og filmopptak. Barneteikningane som blei lagde på Slottsplassen i samband med Kong Olav sin bortgang, er eit eksempel på materiale som vil vere bevaringsverdig etter dette kriteriet.