Ekstraordinære og ordinære aktivitetar

Ta utgangspunkt i kartlegginga av organet og sjå på oppgåvene organet har hatt i ulike periodar:

  • Er oppgåvene ordinære dvs. oppgåver som organet normalt utfører og som høyrer inn under organet sine ansvarsområde?
  • Er oppgåvene ekstraordinære dvs. oppgåver som berre unnataksvis blir utførte og som normalt ikkje høyrer inn under ansvarsområda til organet?

Både ordinære og ekstraordinære aktivitetar bør dokumenterast for å gi eit så fullstendig bilete av verksemda som råd. Kriteriet bør ikkje tilleggjast for stor vekt. Dersom materialet skal bevarast for ettertida, bør det som regel også vere bevaringsverdig i forhold til andre kriterium.

I visse tilfelle kan dette likevel vere eit tilstrekkeleg bevaringskriterium for å dokumentere breidda i verksemda. Føresetnaden er då at ein berre bevarer eit mindre utval eller enkelte prøvar av materialet. Aktivitetane skal vere svært spesielle for at dette kriteriet skal kunne brukast.

Pionerverksemd

Ta utgangspunkt i kartlegginga av organet og tidsrommet som bevarings- og kassasjonsvurderinga dekkjer:

  • Blei organet oppretta i denne perioden?
  • Blei det innført nye saksfelt i denne perioden?
  • Kva slags samfunnsmessig verdi har innføringa av nye saksfelt eller opprettinga av det nye organet fått?
  • Er opprettinga av organet eller innføringa av nye saksfelt eit resultat av viktige samfunnsendringar?

Det er som regel viktig å dokumentere etableringa av nye organ. Det vil ofte også vere viktig å dokumentere nye saksfelt, ordningar og funksjonar. Det er spesielt viktig å dokumentere pionerverksemd som har danna mønster for andre offentlege organ eller som har hatt stor samfunnsmessig betydning.

Eksempel på bruk av kriteriet ekstraordinære og ordinære aktivitetar

Handteringa av Tsunamien i 2005 var ein ekstraordinær aktivitet for dei organa det gjaldt.

Store utbyggingar, f.eks. bygginga av ny hovudflyplass på Gardermoen og arrangeringa av OL på Lillehammer i 1994, var også ekstraordinære aktivitetar for dei organa som var involverte i planlegginga.

Eksempel på bruk av kriteriet pionerverksemd

Oljesakene i Industridepartementet frå 1960- og 1970-talet er eit eksempel på pionerverksemd: Fagfeltet var nytt og lite lovregulert. Det er i dag eit svært viktig fagfelt og avgjerdene tekne i denne perioden la grunnlaget for seinare norsk oljepolitikk og har hatt stor samfunnsmessig betydning.