Kva er rettsdokumentasjon?

Dokumentasjon av dei juridiske rettane og pliktene til personar, organisasjonar, bedrifter og offentlege organ blir kalla rettsdokumentasjon.

Ulike typar rettsdokumentasjon

Ein type rettsdokumentasjon er eigedomsinformasjon, særleg eigedomstransaksjonar, festekontraktar og hefte på eigedomar.

Ein annan type rettsdokumentasjon er materiale som dokumenterer viktige hendingar i enkeltpersonar sine liv, slik som attestar, stadfestingar og annan dokumentasjon i samband med fødsel, død, ekteskap, adopsjon, statsborgarskap osv. Vitnemål, fagbrev, dokumentasjon av fartstid for sjøfolk og dokumentasjon av pensjonsrettar er også eksempel på rettsdokumentasjon.

Materiale som dokumenterer individa sine møte med statleg eller kommunal forvaltning, kan ofte innehalde rettsdokumentasjon. Straffesaker, barnevernssaker og tvungen innlegging på psykiatriske institusjonar dokumenterer bruken av statlege fullmakter.

Det er også viktig å bevare dokumentasjon som viser om stat og kommune har oppfylt forpliktingane sine overfor borgarane, f.eks. rett til undervisning (elevmapper frå grunnskule og spesialskular), helsebehandling (pasientjournalar) og omsorg (dokumentasjon på behandling i barneheim eller gamleheim).

Kor lenge skal rettsdokumentasjon bevarast?

Rettsdokumentasjon blir bevart så lenge det er knytt rettar eller plikter til materialet. Når det gjeld eigedomsinformasjon vil det som regel bety all framtid, elles er bevaringa ofte tidsavgrensa til x tal år etter rettshavaren sin død, avslutning av saka osv.

Skal rettsdokumentasjon avleverast?

Rettsdokumentasjon blir anten oppbevart i arkivdepot eller hos arkiveigar, dvs. det organet som har det juridiske ansvaret for materialet, avhengig av materialet sin fysiske tilstand og organet si evne til å ta vare på materialet. Eigedomsinformasjon har svært lang levetid. I praksis vil denne typen informasjon som regel bli bevart for all framtid anten hos arkiveigar eller i eit arkivdepot, dvs. i Riksarkivet, ved eit statsarkiv, ved eit byarkiv eller i eit kommunalt eller fylkeskommunalt arkivdepot.

Dersom materialet korkje har historisk eller forskningsmessig verdi for ettertida eller inneheld rettsdokumentasjon, skal materialet kasserast når organet ikkje lenger har behov for det.