Skal informasjon publisert på nett arkiverast?

Ifølgje arkivforskrifta skal trykksaker, rundskriv, anna mangfaldiggjort og allment tilgjengeleg materiale og blankettar som ikkje er utfylte, arkivavgrensast. Det organet som har utferda slikt materiale, skal likevel arkivere eitt eksemplar og dei nødvendige forarbeida.

Publiserte tekstar eller dokument som er underlagde journalføringsplikta, skal vere journalførde i eit Noark-godkjent system.

Hva med pliktavleveringslova?

Alt som blir publisert på nett, skal avleverast til Nasjonalbiblioteket (NB). NB køyrde jamlege innhaustingar på norske domene fram til 2009, men har no stoppa opp mens dei ventar på ny konsesjon frå Datatilsynet. Dei lastar framleis ned utvalde nettstader i samanheng med aktuelle hendingar, som val og OL.

Lovheimel

Arkivforskrifta § 3-19 1.a seier at det organet som har laga publikasjonen skal arkivere eitt eksemplar og dei nødvendige forarbeida.