Yrkesetiske retningslinjer for arkivara
På generalforsamlinga i Beijing 6. september 1996 vedtok den internasjonale arkivorganisasjonen, International Council on Archives, yrkesetiske retningsliner for verdas arkivarar
- Eit yrkesetisk regelverk for arkivarar tek sikte på å etablere ein høg etisk standard for arkivaryrket. Denne standarden bør presenterast for nye medlemmer av yrket, minne røynde arkivarar om deira yrkesmessige ansvar og gje allmenta tillit til arkivaryrket.
- I dette regelverket blir omgrepet «arkivar» nytta om alle som arbeider med styring, pleie, depothandsaming, bevaring og administrasjon av arkiv.
- Arkivinstitusjonar bør oppmuntrast til å innføre retningsliner og rutinar som legg til rette for at standarden kan handhevast i den daglege verksemda og i langsiktige mål.
- Føremålet med regelverket er å gje ei etisk ramme for rettleiing av medlemmer av arkivaryrket, ikkje å gje konkrete løysingar på spesielle problem.
- Til kvar av grunnreglane er knytt ein kommentar. Grunnreglar og kommentarar utgjer til saman regelverket.
- Regelverket avheng av at arkivinstitusjonar og yrkesorganisasjonar er viljuge til å ta det i bruk. Dette kan gjerast i form av opplæring og ved at det blir etablert eit apparat som skal gje rettleiing i tvilstilfelle, granske tilfelle av uetisk praksis, og - dersom det er naudsynt - gjennomføre sanksjons- tiltak.
Gå videre til retningslinjene