Noregs Bank i Oslo og Noregs Bank i London

Bankvesenet, og særleg Noregs Bank, blei stilt overfor store utfordringar etter 9.april.

Dei lovlege norske styresmaktene måtte rømme Oslo. Den 22.april vedtok dei same styresmaktene at Noregs Bank sitt hovudsete skulle vere der Kongen bestemte. Den gamle direksjonen, under leiing av Nicolai Rygg, blei friteken for verva sine. Snart drog konge og regjering vidare til Storbritannia. Dei tok gullbehaldninga med seg.

Det blei oppretta eit nytt hovudsete for Noregs Bank i London. Men etter pålegg frå Administrasjonsrådet heldt Noregs Bank i Oslo fram med verksemda si og med dei gamle styringsorgana sine. Dermed oppstod den merkelege situasjonen at det under krigen fanst to utgåver av Noregs Bank, som ikkje hadde kontakt med kvarandre.

 

Kassert sjekk

Ein (kassert) sjekk av den typen tyskarane brukte når dei skulle betale for varer og tenester. På baksida av sjekken står det at sjekkbeløpet kan innløysast utan frådrag av provisjon ved alle kontora til Noregs Bank (banken sitt hovudsete i Oslo og 20 avdelingar). Arkivet etter Organisation Todt.


Reichskreditkassenscheine som betalingsmiddel

Den 10. april kunngjorde Wehrmacht at dei tyske troppane sitt betalingsmiddel skulle vere Reichskreditkassenscheine (RKKS). RKKS skulle vere gyldige over alt. Leiinga i Noregs Bank meinte dette var uheldig, og fekk til ei ordning der okkupasjonsmakta bytte RKKS mot norske setlar i Noregs Bank. Då hadde Noregs Bank i det minste oversikt over kor mange pengar okkupasjonsmakta sette i omløp.

Tyskarane sin konto i Noregs Bank

Etter ei stund blei det også slutt på bruken av Reichskreditkassenscheine. Tyskarane skreiv sjekkar direkte på Noregs Bank. I teorien skulle Noregs Bank (og den norske stat) forskottere tyskarane sin utgifter, men i realiteten blei Noreg sittande igjen med sluttrekninga. Leiinga til banken freista å avgrense det tyske pengeuttaket. Den meinte at den sterke aktiviteten tyskarane utfalda, bl.a. ved å tilby høge lønningar, var øydeleggande for norsk økonomi. I dette arbeidet fekk leiinga sterk støtte frå Reichkommissat sin representant ved Noregs Bank, Rudolf Sattler. Men heller ikkje han nådde fram overfor dei tyske militære. På slutten av krigen var status at tyskarane hadde trekt nesten 12 milliardar kroner på Noregs Bank.

NS holdt utanfor Noregs Bank

NS ønskte kontroll med Noregs Bank og freista å få folka sine inn i banken sine styringsorgan, både sentralt og i underavdelingane. Leiinga i Noregs Bank freista å hindre dette, og møtte forståing hos Reichskommissat sin representant Sattler. Han meinte at også tyskarane var best tente med å behalde Noregs Bank som ein fagleg, nøytral institusjon. I det store og heile lukkast det å hindre NS i å få påverknad.

Arkivmateriale om Noregs Bank

Opplysingar om Noregs Bank under krigen kan ein finne i arkivet ”Norges Bank, Krigsarkivet”. Her finst for eksempel årsmeldingar for banken, og rapport om den økonomiske stillinga i dei forskjellige landsdelane for åra 1940-44. Dette stoffet har også lokalhistorisk interesse. Elles finst det materiale frå granskinga av Noregs Bank etter krigen, bl.a. ”Innstilling fra komitéen til gransking av Norges Bank i okkupasjonstiden”.

Pengesaneringa i 1945

Under pengesaneringa hausten 1945 måtte setlar som denne (frå 1941) vekslast i nye.

Under pengesaneringa hausten 1945 måtte setlar som denne (frå 1941) vekslast i nye.

Arkivet ”Norges Bank, Seddelinnløsningen” dokumenterer innvekslinga av gamle setlar hausten 1945 (ofte kalla ”pengesaneringen”). Etter ein viss dato blei dei gamle setlane ugyldige. Dette var nødvendig for å få kontroll med norsk økonomi. Setelomløpet var blitt mangedobla i løpet av krigen. Det låg mange formuar gøymde på kistebotnen og ikkje alle var blitt til på ein måte som tolte dagslys. Ved innvekslinga blei dei som kom med store summar nøydde til å gjere greie for pengane. Dei fekk heller ikkje utbetalt heile beløpet. Etter bestemte reglar blei noko av det sett inn på sperra konto i Noregs Bank.





Direktør Nicolai Rygg

Direktør Rygg sitt arkiv inneheld mykje interessant informasjon om Noregs Bank si verksemd under krigen -gjennom talar, notat og korrespondanse. Direktør Rygg kjende dei viktigaste aktørane blant tyskarane og i NS. I materialet kan ein lese om forsøka på å hindre at NS fekk kontroll med Noregs Bank. Elles finst det opplysingane om litt av kvart, for eksempel om ”nødspengar” som blei utferda lokalt mens kampane heldt på våren 1940.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Norges Bank, Krigsarkivet  

Norges Bank, Seddelinnløsningen  

Norges Bank, Londonarkivet  

Norges Bank, Nicolai Rygg