Quisling-styret sitt mål var flest mogeleg NS-tru inn i sentrale samfunnsfunksjonar og underordna posisjonar av verdi. NS, med okkupasjonsmakta som meir eller mindre aktiv pådrivar, freista å få kontroll med kva informasjon som nådde befolkninga gjennom eit utbygt apparat av propaganda og sensur. Den frie pressa blei knebla og kulturutfolding og skuleundervisning blei underlagt politisk og ideologisk kontroll.

Ein kunne sjølvsagt freiste å skaffe nok kvalifisert personale som politisk var på NS si side til å fylle offentlege stillingar. I mange sektorar blei det derfor kravt lojalitetsærklæringar og tvungen innmelding i nazifiserte organisasjonar. Dette førte til ei rekkje konfrontasjonar mellom sivilbefolkninga og NS-staten. Nyordningsforsøka til Quisling-regjeringa lei etter kvart nederlag på dei fleste område.

 

Stortinget med tysk banner

Stortinget med tysk banner. Biletet er henta frå RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/0099/Livet i Norge under okkupasjonen.