Kor stor innverknad okkupasjonen hadde på den enkeltes kvardagsliv, varierte etter bustad og situasjon. Svært mange, og særleg dei som budde i bystrøk, blei ramma av den omfattande varemangelen. Det var mangel på mat, klede og utstyr og det å få dekka dei mest elementære behova i hushaldet krevde stor innsats i form av hardt arbeid, tid og kreativitet. Det var oftast husmødrene som stod for hovudinnsatsen.

Mange opplevde grunnleggjande mangel på tryggleik. Kontrollar frå styresmaktene og nærværet til okkupasjonsmakta var ei dagleg belasting. Bombefaren var reel mange stader og tilfluktsrom og blendingsgardiner blei ein del av kvardagen. I tillegg kom ei rekke forordningar og påbod som sette grenser for handlingsfridom og bevegelsesfridom.

Matkø i Oslo

Matkø i grålysninga ein regntung morgon. Utanfor eit forbruksforeiningsutsal på Østbanen i Oslo. Biletet er henta frå RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/L101/Køer.