Bombefaren

Et såret barn på sykehuset i Namsos etter tysk bombardement av byen

Eit såra barn på sjukehuset i Namsos etter tysk bombing av byen. RA/PA-1209, NTBs krigsarkiv/ Ue/L0099/Livet i Norge under okkupasjonen.

Krigens terroreffekt på sivilbefolkningen hadde mange aspekter. Flyangrep med bombing var særlig skremmende. Bombing f

Krigsterroren påverka sivilbefolkninga på mange vis.  Flyangrep med bombing var særleg skremmande. Bombing føregjekk både frå tysk og alliert side og ramma i utstrekt grad sivile mål. Sjølve opplevinga av den overhengande bombefaren og uroa for kven som blei ramma neste gang, var ei psykisk påkjenning som blei ein del av det daglege livet. Korleis det eigentleg er å leve med ein reell bombetrussel, å vere i nattleg alarmtilstand med lommelykta på nattbordet, klar for å springe til nærmaste tilfluktsrom, er vanskeleg å førestille seg for den som ikkje har opplevd det. Skrekken ved lyden av flyalarm sat i for dei som opplevde det mange år etter at krigen var slutt.

Det er informasjon om bombing i Noreg i ulike arkiv. Blant anna vil ein i arkivet etter Justisdepartementet, Kontoret for sivilt luftvern, finne rapportar om bombing i ulike delar av landet. I Reichskommisariat finst ei mappe med avisutklipp om bombeangrep på Noreg på slutten av krigen. I NS sin hjelpeorganisasjon sitt arkiv finst det ei mappe med rapportar om bombeangrep og lister over omkomne i angrepet på Oslo nyttårssaftan 1944. Ei rekkje barn skildrar opplevingar av bombeangrep i ein serie skulestilar innleverte til ein konkurranse rett etter krigen. Desse er bevarte i Totalavhaldsselskapet sitt arkiv. Fotografisk dokumentasjon av bombeherja område finst det særleg mykje av i NTB sitt krigsarkiv. Men også i Forsvaret si krigshistoriske avdeling og i Kontoret for sivilt luftvern som allereie er nemnde ovanfor, finst det fotomateriale.






Okkupasjonsmakta sitt nærvær

Det å ha ei okkupasjonsmakt i landet som tok seg til rette, rekvirerte husvære, skular og andre bygningar og breidde om seg med hata banner og symbol, skapte generell utryggleik. Sjølv om dei tyske soldatane hadde ordre om å opptre ordentleg overfor sivilbefolkninga i Noreg, hadde dei kontroll og kunne arrestere folk dei meinte var mistenkjelege. Stadig nye forordningar, lover, reglar og krav gjorde at ein kunne hamne på kant med dei lovgivande styresmaktene og stå i fare for arrestasjon for bagatellar. For dei som i større eller mindre skala var engasjerte i illegalt arbeid, var faren for arrestasjon overhengande og det var ei påkjenning for heile familien å leve i frykt for nattleg hamring på døra. Det gjorde ikkje saka betre at det kom forordningar der strafferamma for eksempelvis radiolytting og det å lese illegale aviser var dødsstraff. Plutselege aksjonar frå okkupasjonsmakta, slik som gisseltaking og represaliar, gjerne som hemnaksjonar for sabotasjeverksemd, var ikkje uvanleg og skapte generell utryggleik ikkje berre for dei involverte, men også for samfunnet omkring. Statspolitiet sine arkiv er ei rikhaldig kjelde til alt som har med meldingar til politiet, arrestasjonar, etterforsking, politiaksjonar og kontrollar å gjere.

Rykter og angiveri

Det høyrde også med til kvardagen å vakte orda og handlingane sine i det offentlege rommet. Å tyste var ikkje uvanleg og hint om illegal aktivitet eller ei fiendtleg utsegn mot okkupasjonsmakta på bussen eller i butikken, kunne snappast opp av nokon med motsett syn, eller ein som ikkje ville deg vel. Slikt kunne føre til melding til politiet, arrestasjon og forhøyr og eventuelt opphald i fengsel eller fangeleir. Saker som dette vil ein finne i Statspolitiet sitt arkiv og i Landssvikarkivet.  Sistnemnde arkiv inneheld dei sakene som førte til påtale etter krigen.

 

Relevante arkiv i Arkivportalen

NTBs krigsarkiv/U/Ud/L0080/L0081 

Reichskommissariat/Ed/63/2 Bomben und terrorangriffe auf Norwegen

NS FO 2 Stor-Oslo, Hjelpeorganisasjonen/Fa/3/9  Bombeangrepet, rapporter etc.

Statspolitiet  

Forsvarets krigshistoriske avdeling/Ec/126/11  Fotografier av britiske bombeangrep på Bergen 10.5.1940