Verst i byane

I byane var det spesielt kritisk når det ikkje var varer å få kjøpt i butikken. Dyrking av poteter, kålrot og gulrøter blei vanleg aktivitet for einkvar som hadde ein hageflekk til rådvelde. Kommunane fordelte parsellar i park- og utmarksområde og prydelege rosebed blei erstatta av nyttige potetfelt. I NTB sitt krigsarkiv kan du sjå ei rekkje fotografi med fyldige bilettekstar som viser korleis folk brukte fantasien og korleis mangelen sette sitt preg på korleis ein innretta seg.

 

Ugras-mat og papirklede

Naturressursane blei utnytta til fulle. Bærplukking skaffa kjærkome vitamintilskot utover vinteren, sjølv om syltetøyet blei skrekkeleg surt på grunn av mangelen på sukker. I arkivet etter NS sin kvinneorganisasjon finst ein heil del oppskrifter, råd og tips til husmødre om matlaging, sying og utnytting av dei ressursane ein hadde. Dette gjeld særleg i arkivserien ”Heim og ætt”. Dette var kvinneorganisasjonen sitt blad. Til redaksjonen kom det eksempelvis inn tips om bruk av ville vokstrar som skvallerkål, nesle og villkarve i matrettar og hestekastanje som såpe. Bruk av avispapir til saumarbeid er eit anna eksempel.

Villagrisar

Kaninhald, høner og gris blei vanleg i byane sjølv om arealet var knapt og tilgangen på fòr var dårleg. I arkivet etter Reichskommissariat finst reglement om såkalla villagrisar. I dette arkivet kan ein også finne oppskrifter på krisemat og utgreiingar om alternative produksjonsmetodar for auka ressursutnytting.

 

Relevante arkiv i Arkivportalen

NS-kvinneorganisasjon/Fk Heim og ætt  

NTBs krigsarkiv Ue  eskene 99-101

Reichskommissariat/Ecf Abteilung ernärung und landwirtschaft