Dei ville sjudoble den norske aluminiumsproduksjonen til 250.000 tonn årleg og bygge ut kraftverka til eit tjuetal. Det er blitt hevda at tyskarane sine planar for den kraftkrevjande industrien i Noreg var det største sivile prosjektet deira innan tyskkontrollert område under heile verdskrigen.

Plandokument for utbygging av aluminiumsindustri

Eit tidleg og hemmelegstempla tysk plandokument for utbygging av aluminiumsindustri i Noreg. Det framgår her at produksjonen skulle aukast frå 35.000 tonn til 150.000 tonn årleg innan 1943. Berre nokre månader seinare blei planane utvida med ytterlegare 100.000 tonn. RAFA-2192 A/S Nordag Da 8

 

Bakgrunnen for den ambisiøse satsinga var det skrikande behovet til den tyske rustningsindustrien for aluminium, magnesium og andre lettmetall til bygging av nye militærfly. I Noreg fanst det store mengder billeg og tilgjengeleg vasskraft og ein etablert lettmetallindustri som ikkje var direkte motvillig til å samarbeide om nye prosjekt med tyskarane. Det største selskapet, Norsk Hydro, oppretta eit nytt selskap, Nordisk Lettmetall, saman med tyske interesser. Direktøren for Norsk Aluminium Company (Naco), spelte ei viktig rolle for opprettinga av A/S Nordag, som var tenkt å bli det største selskapet i Noreg nokonsinne.

Etter sabotasjeaksjonen mot Glomfjord kraftverk i 1942

Dei tyske utbyggingplanane blei tekne alvorleg av norske og allierte styresmakter. Den nye fabrikken på Herøya blei bomba i 1943. Dette biletet er teke etter sabotasjeaksjonen mot Glomfjord kraftverk i 1942.RAFA-2192 A/S Nordag Da 8.

Mykje av dokumentasjonen som gjeld samarbeidet med okkupasjonsmakta er i Landssvikarkivet. Her er alle rettssakene mot NS-statsrådane som forhandla med tyske representantar, men ikkje minst dei sakene om økonomisk landssvik som blei reiste mot Norsk Hydro og Naco inneheld spennande ting. Begge sakene blei bortlagde.

Litt av den tyske dokumentasjonen ligg i arkivet etter Reichskommissariat. Der er det også ei samling kalla ”Documents Section” som blei beslaglagd av allierte styresmakter etter krigen. Det nazifiserte Arbeidsdepartementet behandla dei tyske og norske søknadene om konsesjon til utbygging. Desse sakene er nå i arkivet etter Industridepartementet si vassdragsavdeling.

Riksarkivet har restane etter arkiva til to av dei store verksemdene som blei bygde opp i Noreg. A/S Nordag sitt arkiv er relativt lite og fragmentarisk, men er likevel den mest sentrale kjelda til studiar av temaet. Organisation Todt var hovudorgan for alle byggeselskapa til Wehrmacht, og dei sysselsette fleire hundre tusen arbeidarar i Noreg under krigen. Arkivet er på nesten 500 hyllemeter og inneheld mykje informasjon om dei einskilde byggeprosjekta og arbeidarane der.

Relevante arkiv i Arkivportalen

A/S Nordag

Organisation Todt  

Reichskommissariat

Documents Section

Industridepartementet, vassdragsavdelingen