Stor byggjeaktivitet frå første stund

Anleggsverksemda starta opp rett etter invasjonen, og sommaren 1940 var det stor aktivitet, bl.a. med å forsterke og byggje ut flyplassar.

I samanheng med flyplassutbyggjinga hadde tyskarane stort behov for flyplasslemmar. Norske bedrifter tilbaud raskt tenestene sine. Store og små trelastbedrifter arbeidde under høgtrykk og produserte tusenvis på tusenvis av flyplasslemmar. Denne verksemda kom i gang i Sør-Noreg mens kampane ennå heldt på i nord.

Tyskarane planla å bli i landet med store troppestyrkar og måtte derfor ha brakker, velferdsbygg og kontorbygg. Det skulle også byggjast kystfort og andre militære installasjonar. Særleg nordpå var det jarnbane- og vegarbeid i stor målestokk. Tyskarane sette også i gang ei storstilt utbyggjing av lettmetallindustri, og det blei bygt ut i fiskeindustri og gruvedrift. Tyske byggje- og anleggsarbeid spreidde seg over heile landet og mange norske samfunn, store som små, fekk oppleve tysk byggjeiver.

Arbeidarar legg på plass flyplasslemmar

Norske arbeidarar legg på plass flyplasslemmar. Lemmane målte ca. 186x135 cm. Dei var laga av kraftig trevirke og danna underlag på rullebanane. RAFA-3309-47-2-37.



Fleire tyske instansar dreiv byggje- og anleggsverksemd i Noreg

Det var fleire tyske byggherrar. Wehrmacht sine ulike greiner bygde militære anlegg. Etter kvart tok Organisation Todt over mykje av den militære byggje- og anleggsverksemda, men dei hadde også store sivile byggjeoppdrag. Fleire sivile tyske aktørar var involverte i byggjeverksemd, bl.a. A/S Nordag og I.G. Farben. Reichskommissariat hadde også sine byggjeavdelingar.

Organisation Todt (OT) var ein halvmilitær tysk organisasjon. Den hadde namn etter grunnleggaren Fritz Todt, som var Reichsminister für Bewaffnung und Munition. OT si oppgåve var å stå for store militære og sivile byggje- og anleggsarbeid, både i Tyskland og dei okkuperte områda. Då Todt omkom i 1942 blei Albert Speer ny Reichsminister og leiar for OT. I Noreg begynte OT verksemda si i 1941.

OT hadde ein stab av teknisk kvalifiserte folk på kvart byggjeprosjekt. Norske og tyske entreprenørfirma arbeidde for OT. I arkivet til OT finn ein ei stor mengd slike firma, ofte med opplysingar om talet på arbeidarar, heimstad og lønnsforhold. Arkivet er omfattande, og det kan vere krevjande å finne fram til bestemte opplysingar. Dei underordna avdelingane i OT hadde sine eigne arkiv. Men OT hadde mange omorganiseringar og dette kompliserte arkivhaldet.

Reichskommissariat dreiv til å begynne med anleggsarbeid gjennom Hauptabteilung Technik und Verkehr, men i 1942 gjekk heile Abteilung Technik frå hovudavdelinga inn i OT, mens Abteilung Verkehr blei overført til Hauptabteilung Volkswirtschaft. Reichskommissariat fekk ei eiga, mindre Hauptabteilung Technik.

Eit anna organ som tok seg av byggje- og anleggssaker var Generalbevollmächtigte für die Regelung der Bauwirtschaft, Der Bevollmächtigte beim Reichskommissar für die besetzten norwegischen Gebiete (G.B.Bau).

God forteneste for norske byggje- og trelastfirma

Brakkebygging i Trondheim

Brakkebygging i Trondheim. Ifølgje påskrifta på biletet skal dette bli ein bilhall (garasje). RAFA-3309-47-3-1.

Okkupasjonsmakta planla og hadde overoppsyn med alt arbeid, men sjølve utføringa av arbeidet blei oftast sett bort til norske og tyske firma. Norske firma tok på seg arbeidet frivillig og etter normale kontraktar. Somme var etablerte entreprenørbedrifter, men det blei også oppretta ei rekkje nye firma berre for dette formålet. Ved sidan av bedriftene som arbeidde på sjølve anleggsstadane, fanst det mange trelastfirma som produserte prefabrikkerte brakkebygg ved eiga bedrift. Brakkene var laga av lemmar som enkelt kunne transporterast til mottakarstaden. Det var god forteneste i alt dette, og eit populært namn på entreprenørane som arbeidde for tyskarane var ”brakkebaronar”.


Frå frivillig til tvangsutskriven arbeidskraft

Arbeidarane på dei tyske byggje- og anleggsplassane kom frå mange land og hadde høgst ulike tilsettingsforhold. Til å begynne med blei det for den meste nytta norsk, frivillig arbeidskraft. Sommaren 1940 skreiv avisene at arbeidarar strøymde til dei tyske anleggsplassane. Somme gjorde det fordi dei var arbeidsledige, andre fordi dei tente betre enn på den gamle arbeidsplassen sin. På denne tida la folk og styresmakter mest vekt på dei positive sidene ved å arbeide på tyske anlegg, slik som god lønn og full sysselsetting.

Tyskarane forstod tidleg at behovet deira for arbeidskraft ikkje kunne dekkast av frivillige. Dei pressa derfor gjennom lover og forordningar slik at arbeidskrafta kunne tvangsutskrivast og dirigerast.

Arbeidarar blei tvangsutskrivne til fjerne arbeidsplassar, der buforhold og forpleiing kunne vere dårleg. Det hende at dei ikkje fekk reise heim etter at den obligatoriske arbeidsperioden var over (vanlegvis 6 månader). Dette skapte stor misnøye og arbeidarane saboterte derfor den tvungne arbeidsinnsatsen så godt det lét seg gjere. Dei søkte om utsettingar, dei fekk legeattest, dei ordna med fiktive tilsettingar eller dei fekk fråsegner frå den gamle arbeidsplassen sin om at dei var heilt umistelege. Når dei fekk permisjon frå anleggsarbeidet kom dei ofte ikkje tilbake. I OT sitt arkiv finst fleire dokument der tyskarane sitt syn på problematikken kjem klart fram.

”Sol i arbeid” og "Norsk Frontføring"

Sol i arbeid var ein velferdsorganisasjon oppretta av NS i 1943 for norske arbeidarar ved tyske anlegg. Leiar var Kåre Rein, og førebiletet var den tyske organisasjonen ”Kraft durch Freude”. Sol i arbeid skulle sørgje for kulturelle tiltak, som kinoframsyningar på anlegga. Opplysingar finst i organisasjonen sitt arkiv og arkivet etter sosialministeren.

Organisasjonen Norsk Frontføring (NF) var knytta til Organisation Todt og hadde virket sitt på OT sine arbeidsplassar. NF hadde eit nært samarbeid med Sol i arbeid. Det organisatoriske forholdet til Nasjonal Samling er uklart, men leiaren av NF var ein forholdsvis framståande NS-mann, major Jørgen Bakke. NF skulle ifølgje leiaren ta vare på dei norske arbeidarane sine interesser på arbeidsplassen. Det var også eit uttalt mål å styrke tilliten til NS. Dette blei gjort ved hjelp av såkalla front- og leirførarar med bakgrunn i NS. Ein leirførar blei definert som ein mellommann mellom arbeidarane og firmaet, ”som ofte kun følger sine kapitalistiske interesser”. Ifølgje NF sin leiar fekk dei fleste OT-arbeidsplassane av betydning ein leirførar frå NS. Leiaren hevda at det hadde lukkast å trekke mange arbeidarar i retning av NS. Meir om dette finst i arkivet etter Ministerens kontor, Næringsdepartementet. I serien Abt. Arbeitseinsatz i OT-arkivet finst rapportar frå to inspeksjonsreiser major Bakke gjorde til OT-arbeidsplassar og –leirar, sommaren 1944 og i januar 1945.

Sosialdepartementet var interessert i arbeidarane sitt ve og vel. I sosialministeren sitt arkiv finst eit notat frå 17.januar 1944 som uttrykker stor misnøye med forholda på dei tyske arbeidsplassane.


Mange norske arbeidarar på tyske anlegg

Under krigen var totalt fem til seks hundre tusen norske kvinner og menn sysselsette (registrerte som trygdepliktige) i arbeidslivet. Det er vanskeleg å slå fast nøyaktig kor mange av desse som arbeidde ved tyske anlegg. Eit overslag er 150-200000 (Norsk krigsleksikon). Direktoratet for arbeidsformidling og arbeidsløysetrygd gjorde ei undersøking pr 31.august 1942 som konkluderte med at nærmare 101000 arbeidarar og funksjonærar var sysselsette ved tyske eller tysk-dominerte bygg og anlegg. Dette var 2/3 av alle sysselsette arbeidarar og funksjonærar.

Støping av underlag for kanonbatteri

Støyping av underlag til eit kanonbatteri. Det var mange slike stillingar langs norskekysten. RAFA-3309-47-1-143b.

Tyskarane hadde inga nøyaktig oversikt over talet på norske tilsette og påpeikte sjølve at statistikken var mangelfull. Det kunne også vere dårleg samsvar mellom tala som tyskarane kom fram til og dei tala som kom frå den norske arbeidsformidlinga. I OT-arkivet, i serien Abt. Arbeitseinsatz, eske 3, ligg to foredrag frå 1944 haldne av tyskarar for tyskarar, om byggje- og arbeidsinnsatsen i Noreg. Her blir det opplyst at det etter norske oppgåver skulle vere 120000 norske byggjearbeidarar i tysk teneste, mens det hos dei tyske byggherrane berre kunne påvisast 100000.  

Det var fleire årsaker til at det var vanskeleg å få oversikt. Mange norske arbeidarar var sysselsette i tyske organisasjonar og bedrifter. Anleggsstadar blei stadig oppretta og avvikla. Det kan også vere at nokre grupper av arbeidarar ikkje blei fanga opp av statistikken. For eksempel var mange norske menn og kvinner sysselsette i sjølve leirdrifta som kokkar, handverkarar og leirarbeidarar. Det fanst også norske bedrifter som arbeidde for tyskarane utan å vere til stades på dei einskilde byggjeplassane. Det gjaldt for eksempel dei som dreiv med prefabrikasjon av brakker og produksjon av generatorknott til tyske bilar.


Import av arbeidskraft

Dei tyske anlegga hadde alltid behov for meir arbeidskraft enn det som kunne skaffast innanlands. Tyskarane freista å løyse problemet ved å importere arbeidskraft og nytte krigsfangar. Ifølgje tyske opplysingar var det tilsette frå 21 nasjonar i Organisation Todt i Noreg. Forpleiinga og behandlinga av arbeidarane var avhengig av kva for ein nasjonalitet dei tilhøyrde. Krigsfangar og tvangsarbeidarar frå austeuropeiske land (Ostarbeiter) levde under dei verste forholda.

I OT-arkivet, særleg i serien Abt. Arbeitseinsatz, kan ein finne det nøyaktige talet på arbeidarar ved forskjellige anleggsstadar på visse tidspunkt. Eit eksempel: Bauleitung Gardermoen hadde pr 25.oktober 1944 i arbeid 568 norske, ein vallon (belgiar), ein latviar, 616 kviterussarar (Ostarbeiter), 88 tyskarar og 1491 russiske krigsfangar.

Russarar og andre krigsfangar blei særleg sette inn i vegarbeid. Hausten 1941 kom det eit spørsmål frå Reichskommissariat til Vegdirektoratet om bruk av russiske krigsfangar til vegarbeid. Tyskarane ønskte av militære årsaker å utbetre vegsystemet og Vegdirektoratet blei pålagt å utarbeide ein plan for arbeidet, inkludert fangeleirar. I arkivet etter Vegdirektoratet er det ein korrespondanse med Reichskommissariat frå planleggingsfasen. Frå tidleg i 1942 er det skisser av fangebrakker for 80 leirar og vel 20000 fangar. Det finst også eit notat frå hausten 1942 om fangane sine dårlege arbeids- og leveforhold.

I Reichskommissariat sitt arkiv under Abteilung Arbeit und Sozialwesen, Haubtabteilung Technik, kan ein lese om ”Ostarbeiter” og krigsfangar. Det finst retningslinjer for behandling av desse gruppene, også når det gjeld forpleiing og kaloribehov.


Aktivitet til siste stund. Rettsoppgjeret

Mot slutten av krigen minka byggjeaktiviteten. Ifølgje tyske dokument var det vanskeleg å få nok maskinar og råstoff frå Tyskland. Bl.a. var transportkapasiteten for liten. Men heilt til det siste blei det bygt. Forsvarsanlegg var minst like viktige etter at krigslykka hadde snudd.  

Etter krigen blei ein del av entreprenørane granska. Men påtalemakta bestemte at dei arbeidarane som hadde teke teneste på tyske anlegg ikkje skulle straffeforfølgast. Det var nok både praktiske og prinsipielle grunnar til det. Talet på personar som arbeidde for tyskarane var svært høgt.Tidleg i okkupasjonstida kom det ikkje åtvaringar mot å arbeide for fienden. Seinare blei folk pålagde å arbeide på tyske anlegg, og det ville vere urimeleg å straffe desse.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Tyske arkiver, Organisation Todt (OT), Einsatzgruppe Wiking

Reichskommissariat, Hauptabteilung Volkswirtschaft (HaVo), Abteilung Arbeit und Sozialwesen

Reichskommissariat, Haubtabteilung Technik

Nordag, A/S

Sol i Arbeid

Sosialdepartementet, Sosialministerens arkiv. Særlig serie D, Korrespondanse, eske 31 og 33

Næringsdepartementet, Ministerens kontor, Daa, eske 10, mappe 13 Norsk Frontføring